Tru — substansen i håpet?

I Hebraarbrevet 11:1 blir trua definert som “eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.” (NT05) Eller “full vissa um det som ein vonar, yvertyding um ting som ein ikkje ser.” (1938) Men då eg skulle sjekke dette i engelske omsetjingar, kom eg over noko interessant. Den mest vanlege omsetjinga er slik vi finn den i 1938-utg. I ESV, som er ei av dei engelskspråklege bibelutgåvene eg nytter meg mest av, står det slik: “Now faith is the assurance of things hoped for, the conviction of things not seen.” Andre bibelutgåver er stort sett like, men skriv til tider “confidence in” i staden for “assurance of.”

Det interessante, derimot, er at enkelte bibelutgåver skriv noko heilt anna. I KJV (og NKJV) står det: “Now faith is the substance of things hoped for, the evidence of things not seen.” Her les vi at trua er substansen av det vi håper på. Etter denne oppdaginga sjekka eg opp kva gresk ord som vart brukt, og fann ut at det var ordet hupostasis, “substans,” lit. “det som står under.”(1) Men kva meiner ein med dette? Min teori er todelt.

Grunnlag. For det fyrste kan vi sjå på kva ordet substans eigentleg betyr. Ordet er ei latinsk omsetjing av det greske ordet, og betyr også “det som står under” (sub = under; stans = stå). Altså kan vi her snakke om eit grunnlag. Då kan vi kanskje seie at forfattarane av Hebrearbrevet skreiv at “tru er grunnlaget for det vi vonar…” Dette passar fint inn i den tradisjonelle omsetjinga, at trua er ei “full visse” eller kanskje “full tiltru.” Men la oss sjå på ei anna tolking, ei tolking som kan setje lys på det Jakob skriv om trua i sitt brev.

Form og stoff. Eg meiner at når ein i NT bruker ord som også var vanlege ellers i religion eller i filosofi, så kan det vere av interesse å sjå på kva ein der meinte om desse orda. Eg meiner også at ein aldri kan lausrive eit ord totalt frå sin opphavlege meining. Aristoteles snakka ofte om forum (substans) og stoff. Med dette meinte han at substansen var på ein måte “det verkelege, konstante,” det “indre vesen,” “kjerna,” eller “grunnhåtten i ein ting,” som ordboka definerer ordet. Men hjå Aristoteles, i motsetning til Platon, kan ikkje formen totalt lausrivast frå stoffet. Thomas Aquinas “adopterte” denne aristoteliske definisjonen, og sa at sjela er kroppens form. Men kva er då trua? I Ef 2:8 les vi at “av nåde er [vi] frelste, ved tru. Det er ikkje [vårt] eige verk, det er Guds gåve.” Trua er her substansen, grunnlaget, og er åndeleg/sjeleleg forankra. James (Jimmy) Akin forklarer at for Jakob så er trua ei “intellektuell anerkjenning av dei teologiske sanningar.”(2) Men dette er ikkje nok. Substansen må realiserast, den må levast ut. Og her kjem gjerningane inn. Gjerningane er, slik Kristus sa det, frukta på treet, medan trua er stammen. Kjærleiken er kanskje sævja.

Så, ei oppsummering. Det vi les om i Hebr 11:1 er at trua er ei full visse, eit intuitivt grunnlag og ein lavende substans. Det er med andre ord ikkje tørr teori, men noko levande og verkekraftig.

Noter:

1. Ordet kan også bety person, og vart brukt slik at dei greske Fedrane når dei skulle ta for seg Guddomen. Dei sa at det fanst tre hypostasar i Guddomen, men dei meinte ikkje med dette at det var tre gudar, eller tre forskjellige substansar i Gud. Dette har nok også med at ord endar seg med tid.

2. Med “intellektuell” så meiner ein ikkje at ein hovudsakleg har brukt gjennomtenking (gr. dianoia) for å komme fram til dei, sjølv om dette også er viktig, men om ei intuitiv visse. Eller som det står i Hebr 1:11 (1938): “full vissa um det som ein vonar.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s