Kvifor dydsetikk?

Kva er poenget med etikk, med moral? Dette er eit spørsmål som ofte kjem opp, og eg tenkte å kort ta for meg det her. I fylgje det klassiske synet på etikken, så er funksjonen til etikken å korrigere og utdanne menneskenaturen. Alasdair Macintyre forklarar at klassisk etikk alltid var i eit trefaldig skjema.

Within [the] teleological scheme there is a fundamental contrast between man-as-he-happens-to-be and man-as-he-could-be-if-he-realized-his-essential-nature. Ethics is the science which is to enable men to understand how they make the transition from the former state to the latter. Ethics therefore in this view presupposes some account of potentiality and act, some account of the essence of man as a rational animal and above all some account of the human telos. (Macintyre 1985, s. 52)

Trefaldig skjema. Vi sit altså med dette trefaldige skjema: 1) Mennesket lever i ein slags uopplyst naturtilstand. 2) Etikken, som er rasjonell, er den reiskapen vi har til å endre denne tilstanden. 3) Mennesket har eit klart mål, eit telos. I våre dagar blir dette skjema ofte problematisk, fordi ein ikkje lenger har fokus på det siste, på målet. Men det skal eg ikkje hovudsakleg ta for meg her, eg vil her vise kvifor nettopp dydsetikk er den “beste” etikken.

Fyrst, kva skjer om vi fjerner ein av grunnpilarane i det trefaldige skjemaet? 1) Om mennesket faktisk er fullkomment — som enkelte hevder — kva skal vi då med etikk? vi treng ikkje ein sykkel når vi har komme oss i mål. 2) Om vi fjerner sjølve etikken — som sjeldan skjer i praksis, men ofte i teori(1) — så har vi ikkje noko måte å flytte oss frå uvisse til innsikt, og kan difor ikkje nå vårt mål.(2) 3) Om vi fjerner målet — noko ein prøvde å gjere i opplysningstida — så blir forholdet mellom 1 og 2 høgst uklart.

Så då sit vi altså med dette grunnskjemaet. Men som vi ser, så er dette retta mot målet. Kan vi då — som mange etikkfilosofar, mellom anna ulitaristar, meiner — seie at “målet helgar middelet”?

Mål og middel. Nei, vi kan ikkje seie at målet nødvendigvis helgar middelet. Middelet må vere godt i seg sjølv. Og her vil eg vise til dydsetikken. I motsetnad til ulitarismen, så har dydsetikken — som (vanlegvis) er retta mot eit mål — fokus på at mennesket, ikkje (berre) gjerningane, skal vere gode. Det handlar om karakter og haldning, og difor blir det ofte kalla for haldningsetikk.

Det handlar altså om å setje det fyrste fyrst, og så kjem resten “av seg sjølv.” Poenget med dydsetikken er at det er vi som skal vere gode, ikkje gjerningane. Kristus kallar gjerningane for “frukt,” men frukta blir god om treet er godt. Ein god fruktbode fokuserer på treet, og så vil frukta komme. Så det vi må fokusere på, er å vere gode, dydige. Så kan det vere på sin plass å nemne dei sju hovuddydene; dei tre teogiske dydene (forholdet Gud-menneske) og dei fire kardinaldydene (mellommenneskelege forhold): Tru, håp kjærleik, rettferd, klokskap, mannsmot og måtehald. Platon nemnte dei fire siste, men du finn alle sju i Bibelen også (1Kor 13:13, Visd 8:7).

Noter:
1. Les C.S. Lewis sitt vesle meisterverk The Abolition of Man for meir om dette. Spesielt fyrste kapittel, “Men Without Chests.” Boka er også tilgjengeleg gratis på internett.

2. Eg vil her presisere at eg har eit mykje breiare syn på etikk enn det som er vanleg i våre dagar. Etikk handlar for meg om heile livet, ikkje berre det som blir kalla “etiske spørsmål.” Altså handlar mitt forhold til Gud, og spørsmålet om eg blir frelst, også til etikken.

Kjelder:

Macintyre, Alasdair, After Virtue: a study in moral theory (Second Edition). London: Duckworth, 1985 (1st Edition, 1981).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s