Set din lit til Herren — med heile deg!

Tekstane for 6. søndag i det almenne kyrkjeåret er Jer 17:5-8, 1Kor 15:12.16-20 og Luk 6:17.20-26. Eg vil, slik eg ofte gjer, ta utgangspunkt i ein av tekstane (i dag; GT-teksten), og tolke den litt annleis enn det vanlege. La meg sitere teksten, Jer 17:5-8:

Så seier Herren: Forbanna er den mann som set si lit til menneske, som stør seg til vesale skapningar og vender seg bort frå Herren. Han er lik ein busk i øydemarka; han får ikkje sjå at lukka kjem, men held til på dei turraste vidder, i eit saltlende, der ingen bur.

Velsigna er den mann som lit på Herren og set si von til han. Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og tøyer røtene bort åt ein bekk. Det reddast ikkje når heten kjem, men står der med lauvet grønt. Det sturer ikkje i turketider og held ikkje opp med å bera frukt.

Bakgrunnen for mi tolking er ein diskusjon om Inkarnasjonen og liturgisk teologi, der det vart diskutert ein del om forskjellen mellom ånd, sjel og kropp — og om det er noko vesensforskjell mellom desse. Ein av debattantane, SnorreMANO — eit medlem av trusrørsla — meinte at det er ein vesensforskjell mellom det åndelege og det materielle. Her er eit lite utdrag frå det han skreiv:

Det er forskjell på at Ordet ble “materie” og på at Ordet ble et menneske, jfr. “menneskesønnen”… (…)Man kan ikke omgås Gud på “matrielle” måter. (…) Gud er Ånd, og den som skal ha kontakt med Gud må både VÆRE ånd, og gjøre det GJENNOM ånden. Jesus er ikke lenger et vanlig menneske som før oppstandelsen, men et “overmenneske” av åndelig, evig karakter. Jfr. oppstandelseslegeme som går gjennom vegger og kan bli usynlig og kan fly osv… (…) Sann åndelighet vil aldri være “materialistisk”, og overhodet ikke bundet til materien rundt oss. Denne verden ligger jo i det onde, og er forgjengelig. Ånden derimot, er evig, og det åndelige er evig og vil bestå til evig tid.

Her ser vi eit klassisk døme på den nygnostisismen (og eliteismen) som pregar (eller har prega enkelte aktørar innan) trusrøsla. For ein ortodoks kristen (brei definisjon) så er det eit klart ontologisk skilje mellom Gud og menneske, men det er ikkje eit klart ontologisk skilje mellom ånd (menneskets ånd) og materien. Det er eit funksjonelt skilje,(1) og eit visst hierarki, men det er ikkje eit vesensforskjell mellom desse. Men kva meiner Paulus då med “Anden” og “kjøtet”?

Hjå Paulus handlar ikkje “kjøtet” om kroppen, men om lystene, eller mennesket styrt av sine eigne lyster og sine eigne interesser. I denne samanhengen kan det difor vere interessant å lese Rom 8:6 i KJV-omsetjinga: “For to be carnally minded is death; but to be spiritually minded is life and peace.” Altså, det er død å ha eit kjøtleg sinnelag, å fokusere på “meg og mitt,” men det er liv og fred å ha eit åndeleg sinnelag, å fokusere på Gud. “Ha same sinnelaget som òg var i Kristus Jesus.” (Fil 2:5). Forkuser på Gud, så får du det andre i tillegg. Vi skal altså, slik leseteksten påpeiker, halda oss til Herren — med heile oss.

Men dette er ikkje noko nedvurdering av kroppen. I klassisk jødedom, ja, også i klassisk gresk filosofi (spesielt hjå Aristoteles), er lystene plassert i sjela, dei er ein del av “sjelsevnene.” I den tradisjonen er sjela menneskets livsprinsipp, det er livsanden som gjer materien til “ein levande skapning” (1Mos 2:7).(2)

Vi kan seie at vi er kroppsleggjorte, våre kroppar er det vi uttrykker oss gjennom. Poenget er ikkje, slik SnorreMANO påstår, å skilje mellom materie og ånd, men å skilje mellom mennesket og Gud. Paulus har eit positivt syn på kroppen, og eg trur at vi, med Aristoteles, kan seie at det er sjela/sjelsevnene som styrer, men at desse ikkje kan lausrivast frå kroppen. Jan-Olav Henriksen skriv:

Paulus (…) tenker seg at kroppen er det stedet der vår deltagelse i Guds virkelighet kommer til uttrykk. Her er han i overensstemmelse med sin jødiske bakgrunn. Derfor tenker han høyt om kroppen — han tenker seg den som Guds tempel. Hans forståelse av mennesket står derfor ikke tilbake for den vi finner hos Jesus, når det gjelder å sette en høy standard for hvem mennesket skal være. Samtidig opprettholder han det samme dobbeltperspektivet på menneskelivet som finnes i Jesu forkynnelse: mennesket er både Guds tempel — og stadig fristet til heller å la seg bestemme ut fra seg selv.

Kroppen (gr. soma) står derfor i spenningen mellom å være bestemt av Guds ånd på den ene siden, og synden på den andre. Ånden (gr. pneuma) uttrykker seg gjennom troen og kjærligheten til nesten. Den er kraften som binder mennesket til det nye livet, og gir mennesket sjansen til å leve det. Ånden er en del av det som gis gjennom troen, og er derfor en forutsetning for å ha del i fellesskapet med Gud. Når Ånden «okkuperer» kroppen, sjaltes ikke menneskets egen vilje, tanke osv. ut, men disse elementene «omfunksjoneres»: Kroppen bestemmes dermed ikke lenger ut fra seg selv — men ut fra relasjonen til Gud. Da oppfyller kroppen menneskets bestemmelse til å være Guds bilde, slik Paulus med bakgrunn i GT regner med at mennesket skal. Den uttrykker hva mennesket er som helhet, men ansvar, historisk-konkret eksistens — og tro. (Henriksen 2005, s. 81)

Vår kropp er altså den staden vi uttrykker kven vi er. Paulus kallar kroppen for Guds tempel. I tempelet tilber ein Gud på materielle, kroppslege, måtar. Når Paulus knytter dette til kroppen direkte, så forsterkar han dette perspektivet ytterlegare. Vi er altså ikkje ånder stengt inne i eit fengsel, vi er psykosomatiske vesen med eit kalla til å ære Gud med eit og alt! Vi skal, som Paulus formanar oss, “bera fram lekamen [vår] til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud,” og dette skal “vera [vår] åndelege [evt. fornuftige, gr. logion] gudsteneste.” (Rom 12:1) Det er altså knytt til kroppen.

“Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.” (Rom 6:13)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter:

1. Det kan vere av interesse å nemne at mykje av det vi les i Bibelen ber eit funksjonelt preg. Dette er fordi hebrearane tenkte funksjonelt, ikkje bokstavleg. Eit godt døme på dette er at mennesket er skapt i Guds bilete. Det betyr ikkje — slik enkelte eg har debattert med påstår — at Gud har ein kropp, og at vi liknar på han, men at Gud har lagt ned i oss enkelte funksjonar, evner; kjærleik, tankeliv, vilje, etc.

2. Eg trur at Pauli bruk av ånd, sjel og lekam (1Tess 5:23) er biletleg, at han snakker om “sjelsevner.” Andre stader (2Kor 7:1, Hebr 4.12,) blir det sett eit skilje (ikkje ontologisk, men funksjonelt) mellom kropp og sjel, og eg tenker då at vi (om vi også tar det jødiske synet inn i betraktningen) at det er snakk om “sjela” som form, og kroppen som stoff, og at vi ikkje kan skilje desse frå kvarandre. Dei er ein entitet.

Kjelder:

Henriksen, Jan-Olav, Menneskesyn — historisk arv og varig aktualitet. Oslo: Gyldendal 2005

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s