Imago Dei

Tekstane for 7. søndag i det almenne kyrkjeåret er 1Sam 26:2.7-9.12-13.22-23, 1Kor 15:45-49 og Luk 6:27-38. Det vi i dag skal rette blikket mot, er det at vi skal elske alle, inkludert våre fiendar. Denne helga er eg litt oppteken, så dagens refleksjon blir ikkje så lang. Men det er velø like greit.

Eg skal i dag konsentrere meg om epistelteksten (andre lesetekst). La meg sitere den, og deretter sitere eit utdrag frå preiketeksten.

1Kor 15:45-49:

Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. Det åndelege var ikkje det første, men det sjelelege. Så kom det åndelege. Det første mennesket var frå jorda og skapt av jord, det andre mennesket er frå himmelen. Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. Og liksom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.

Luk 6:27-29a.35-36:

Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som talar vondt om dykk. Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg… Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde. Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.

Ein foredragshaldar poengterte ein gong forskjellen mellom kjærleik og snillisme. Han sa at Kristus sa, “Elska fiendane dykkar,” ikkje “ikkje sei ordet ‘fiende,’ det er ikkje snilt gjort.” Så vi har altså fiendar, men kvifor skal vi elske desse? Eg trur mykje av svaret ligg i epistelteksten. Vi har “bore biletet av det jordiske mennesket,” og skal “òg bera biletet av den himmelske.” Vi skal vere Guds born, Guds representantar overfor verda. Og kva er Gud? Jo, Gud er kjærleik (1Joh 4:16). Det er dette som står som det viktigaste i kristendommen. Våre fornuftige og kognitive evner er viktige — Gud har skapt dei — men utan kjærleik så er desse ingenting!

Det er viktig å påpeike kva kjærleik det er snakk om. Det er snakk om agape, den kjærleiken Gud syner til oss, ein overnatuleg kjærleik — ein kjærleik som endrar oss! Det står at vi skal “bera biletet av den himmelske,” og i preiketeksten står det at vi skal vera “miskunnsame, som Far [vår] er miskunnsam.” Vi skal med andre ord leve ut vårt gudsbilete, det som vart skada i fallet, men oppreist og nyskapt i Kristus. “Bli nye i sjel og sinn! Kle dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.” (Ef 4:23f)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s