Freistinga

Tekstane for 1. søndag i fasten er 5Mos 26:4-10, Rom 10:8-13 og Luk 4:1-13. La oss lese evangelieteksten:

Fylt av Den heilage ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka, der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han. Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.» Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød

Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda og sa: «Eg vil gje deg makt over alle desse rika og all deira herlegdom. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.» Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»

Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om å verna deg. Og: Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein.» Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.» Då djevelen slik hadde freista han på alle vis, heldt han seg borte frå Jesus ei tid.

I dag handlar evangelieteksten om då djevelen freista Jesus, og eg vil difor sjå kva dette eigentleg betyr. Alle freistingane kan oppsummerast i denne enkle setninga: “fokusér på deg sjølv.” No er det faste, og kva er eigentleg poenget med den? Jo, poenget er at vi skal fokusere på Gud, på hans nåde, og ikkje på oss sjølve. På fredag høyrde eg ein andakt som kom inn på dette, og andaktshaldaren sa at dei fleste religionar kunne beskrivast som at ein “kasta ankeret på eige dekk.” At vi prøver å forankre oss i oss sjølve. Vi ser dette i deira fasteritual. Det er for å vise kva ein klarer. Men i kristendommen er det annleis. Der lærer vi at vi må forankre oss i Gud, i trua på Kristus, “det eine nødvendige.” Og det er dette den kristne faste handlar om. Det handlar ikkje om at vi skal “vise kva vi kan,” men at vi skal fokusere på Gud, forankre oss i Han.

Kristus vart fyrst freista til å kutte fasten, til å fokusere på seg sjølv. Deretter vart han freista til å tilbe det vonde for å oppnå makt. Til å “få krona utan å gå omvegen om krossen,” for å parafrasere Philip Yancey. Så vart han freista til å prøve Gud. Han stod imot, og vi er kalla til å gjere det same. Men vi gjer det ved Guds nåde — som er heile poenget med fasten.

For eg veit at i meg, det vil seia i mitt kjøt og blod, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. (Rom 7:8f)

Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.” Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk. (2Kor 12:9f)

Styrke i veikskap. Kor ulogisk! Men poenget med dette er at det er Kristi kraft, ikkje vår, som er sterk. Det er i vår veikskap vi er sterke. Husk på det. Gud arbeider ikkje utelukkande åleine, men alt vi gjer, blir gjort i Han. Paulus seier at vi skal arbeide på vår frelse, skjelvande av ærefrykt, for deretter å seie at det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje. (Fil 2:12f) Og dette er fasten i eit nøtteskal. “Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.” (Matt 6:33)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s