Omskapinga

Tekstane for 2. søndag i fasten er 1Mos 15:5-12.17-18, Fil 3:17-4,1 (evt. Fil 3:20-4,1) og Luk 9:28b-36. La oss lese evangelieteksten:

Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda hans vart skinande kvite. Med eitt stod to menn og tala med han; det var Moses og Elia. Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Disiplane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

Denne teksten fokuserer på to ting; (i) omskapinga (også kalle transfigurasjonen eller forklåringa), og (ii) at Moses og Elia fortel om “den utgangen livet [til Kristus] skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem.” Dette fortel oss at Kristi herlegdom som han synte til læresveinane er knytt til det Kristus kom for å gjere, å knytte det menneskelege til det guddomlege, frå fødsel til død —- og til oppstode. Johannes, som var ein av dei tre som fekk denne herlegdomen openberra, skreiv: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:14) Nøyaktig to kapitel lenger fram seier Kristus: “Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp.” (Joh 3:14)

Ordet “lyftast opp,” gr. (hupsoo), kan bety både opphøgje i herlegdom, og fysisk lyfte opp (på krossen). Altså, slik Oddvar Moi seier det i sin kommentar til dagens tekst:

2. søndag i fasten begynner snart (for katolikker er første søndagsmesse lørdag kveld), og denne søndagen har alltid evangelietekst om Jesu forklarelse på fjellet. Her viser Jesus ganske tydelig hvem han virkelig er for Peter, Jakob og Johannes, og det som står i sentrum for den åndelige samtalen på fjellet er Jesu snarlige lidelse og død på korset, og hans oppstandelse. Det var dette Jesus virkelig hadde kommet for å gjennomføre; for å vinne oss en evig frelse.

Vår nyskaping skjedde gjennom at Ordet vart menneske, levde som menneske, døydde som menneske — og stod opp at som eit fornya menneske — med ein “åndeleg kropp.”(1) Sjå på Kristus — sjå til krossen, og sjå di frelse.

Noter:

1. Eg trur ikkje at kroppen vår blir vag og flytande, men at den er åndsbestemt; den er bestemt på vår ånd, og på Heilaganden.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s