Kjensler og etikk

Har kjensler noko med etikk å gjere? Mange ser ut til å meine at dei ikkje bør samanblandast, og enkelte ser faktisk ut til å samanlikne dette med “magekjensla.” Men eg trur at kjensler og etikk heng saman, og det skal eg prøve å vise her.

I temaserien tro.etikk.eksistens, som Vårt Land har i papiravisa kvar måndag (i nettutgåva som oftast påfylgjande tysdag eller onsdag), var det for ei tid tilbake ein artikkel om kjensler og etikk; “Følelsene viser våre verdier.” (Salthe 2006) I artikkelen intervjuar Vårt land kvantekjemikar og filosof Hans Herlof Grelland, som står bak boka Følelsenes filosofi:

– Følelsene er ikke så enkle som vi tror. Vi tenker ofte at følelsene er noe vi utsettes for. Sannheten er at følelsene skapes av oss selv og er uttrykk for hvem vi virkelig er, mener kvantekjemikeren. Grelland argumenterer for at følelsene er uttrykk for verdier som er prerefleksive. I motsetning til refleksive verdier som vi har et aktivt og resonnerende forhold til, ligner prerefleksive verdier mer på kroppslige reflekser; det er verdier vi har tilegnet oss på et bevisst plan, men som er så grunnleggende i selvforståelsen at den eneste måten vi kan kommunisere med dem på er gjennom følelsene. – Ett eksempel kan være en som røyker. Alle som røyker vet at det er farlig å røyke og at en kan bli syk av det. Å tenke ut fra dette at røyking ikke er bra er et uttrykk for refleksive verdier. Derimot trekker en rekke prerefleksive verdier i andre retning hos en røyker; behovet for trygghet, noe å ha i munnen og “kosen” ved å røyke er alle uttrykk for prerefleksive verdier, forteller han. Slike verdier er noe vi ikke tenker over at vi har, men som likevel påvirker beslutningene våre, slik som når vi mot all fornuft fortsetter å røyke. Men noen ganger kan de prerefleksive verdiene være mer fornuftige enn fornuften.

Sjølv trur eg at han har litt rett, men eg vil dra det litt vidare. Eg trur at både refleksive og prerefleksive verdiar har noko å gjere med kjenslene. På engelsk har ein tre ord som alle blir omsett med “kjensler” — feelings, emotions og sentiments. Det fyrste er dei reint fysiske kjenslene, dvs. driftene og instinkta, den såkalla “magekjensla” (som ikkje er det same som intuisjon), medan dei to andre kan knyttast til verdiane, dei er ein del av sjela. Grunnen til at desse kan bli uttrykt fysisk, er at kroppen og sjela er ei psykosomatisk eining. Desse “sjelelege kjenslene” skriv Lewis om i The Abolition of Man, nærare bestemt i det fyrste kapitlet, “Men Without Chests”:

St Augustine defines virtue as ordo amoris, the ordinate condition of the affections in which every object is accorded that kind of degree of love which is appropriate to it. Aristotle says that the aim of education is to make the pupil like and dislike what he ought. When the age for reflective thought comes, the pupil who has been thus trained in ‘ordinate affections’ or ‘just sentiments’ will easily find the first principles in Ethics; but to the corrupt man they will never be visible at all and he can make no progress in that science. Plato before him had said the same. The little human animal will not at first have the right responses. It must be trained to feel pleasure, liking, disgust, and hatred at those things which really are pleasant, likeable, disgusting and hateful. In the Republic, the well‐nurtured youth is one ‘who would see most clearly whatever was amiss in ill‐made works of man or ill‐grown works of nature, and with a just distaste would blame and hate the ugly even from his earliest years and would give delighted praise to beauty, receiving it into his soul and being nourished by it, so that he becomes a man of gentle heart. All this before he is of an age to reason; so that when Reason at length comes to him, then, bred as he has been, he will hold out his hands in welcome and recognize her because of the affinity he bears to her.'(Lewis 1946, s. 15-16)

I Platon sitt hovudverk Staten, som Lewis siterer, blir det skilt mellom forskjellige typar verdiar; dei som er rasjonelle, dvs. “refleksive”, og dei som er før-rasjonelle, dvs. “prerefleksive.”(1) Ein må utdanne og forme begge. Dei rasjonelle blir utdanna og forma gjennom utdanning, spesielt gjennom filosofi. Dei prerefleksive, derimot, byrjar ein å danna på eit før-rasjonelt punkt, før intelligensen er “heilt” utvikla. Det er forskjellige måtar å gjere dette på, mellom anna gjennom kopiering av det foreldra gjer, gjennom fysisk fostring og det estetiske, og gjennom det litteratur/film.(2)

Den fysiske fostringa er primært for at kroppen skal vere sunn, men også for at den skal bli disiplinert. Dette kan ein også knytte saman med det estetiske, spesielt musikken. Det skal poengterast at ein god musikar blir kalla ein virtuos, sjølv om dette ordet eigentleg betyr dydig.

Born kopierer også det vaksne, spesielt foreldra, gjer. Dette tar Aristoteles opp i Den nikomakiske etikk, og prøver å vise at ein bør oppføre seg etisk, og at borna skal kopiere dette, fordi at det er ved å gjere ein ting at vi lærer den. Han skriv i bok II, i at,

Det vi må læra før vi kan gjere det, det lærar vi ved at vi gjer det. Ein blir til dømes byggmeister ved å byggje og sitarspelar ved å spele sitar; på same måte blir vi rettferdige ved å handle rettferdig, og besindige og motige ved å handle besindig og motig.

Dette er i den pre-rasjonelle tida, då det berre er dei prerefleksive — og kanskje viktigaste — kjenslene blir danna. Og her er litteraturen også viktig. I fylgje Platon (og C.S. Lewis) er det slik at desse kjenslene skal kultiverast og [ut]dannast i dei klassiske dydene, eller dygdene, som enkelte kallar dei. Dette inkluderer å lese “dei rette bøkene.” Lewis skriv om dette i boka A Preface to Paradise Lost, og snakkar om “Stock responses” (eit uttrykk eg ikkje har funne noko god omsetjing for):

By a Stock Response Dr I. A. Richards means a deliberately organized attitude which is substituted for “the direct free play of experience.” In my opinion such a deliberate organization is one of the first necessities of human life, and one of the main functions of art is to assist it. All that we describe as constancy in love or friendship, as lualty in political life, or, in general, as perseverance—all solid virtue and stable pleasure—depends on organizing chosen attitudes and maintaining them against the eternal flux (or ‘direct free play’) of mere immediate experience. This Dr Richards would not perhaps deny. But his school puts the emphasis the other way. They talk as if impovement of our responses were always required in the direction of finer discrimination and greater particularity; never as if men needed responses more normal and more traditional than they now have. To me, on the other hand, it seems that most people’s responses are not ‘stock’ enough, and that the play of experience is too free and too direct in most of us for safety safety and happiness or human dignity. (…)

Once again, the old critics were quite right when they said that poetry “instructed by deligting,” for poetry was formerly one of the chief means whereby each new generation learned, not to copy, but by copying to make, the good Stock responses. Since poetry has abandoned that office the world has not bettered. While the moderns have been pressing forward to conquer new territories of consciousness, the old territory, in which alone man can live, has been left ungarded, and we are in danger of finding the enemy in our rear. We need most urgently to recover the lost poetic art of enriching a response without making it eccentric, and of being normal without being vulgar. Meanwhile—until that recovery is made—such poetry as Milton’s is more than ever necessary to us.(Lewis 1942, s. 53-54.56)

Noter:

1. Platon bruker ikkje desse uttrykka sjølv, så vidt eg veit, men eg trur dei passar fint for det eg skriv om.

2. Platon skreiv nok ikkje mykje om film…

Kjelder:

Aristoteles (1999). Den nikomakiske etikk, omsett Av Øyvind Rabbås og Arnfinn Stigen. Oslo: Gyldendal/Bokklubben Dagens Bøker

Lewis, C.S. (1946). The Abolition of Man. London: Geoffrey Bles, The Centenary Press

Lewis, C.S. (1942). A Preface to Paradise Lost. Oxford University Press

Salthe, Henrik (2006). “Følelsene viser våre verdier.” Vårt Land Nettutgaven, 23. august 2006. 7. mars 2006. http://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060823/TRO/60822018/1160

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s