Vend om!

Tekstane for 3. søndag i fasten er 2Mos 3:1-8a.13-15, 1Kor 10:1-6.10-12 og Luk 13:1-9. Internetttilgangen min er for augneblinken nede, difor bloggar eg i all hast under bursdagsbesøket til mor mi. Difor blir det berre at eg siterer evangelieteksten, samt at eg vil minne om at den einaste måten å bli frelst er faktisk å villa bli frelst — å villa venda om.

[Edit: Oddvar Moi har skrive litt kort om dette.]

[Edit 2: Oddvar Moi viser til paven si preike på søndag.]

På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten. Eller dei atten som vart drepne då Siloatårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem? Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.”

Så fortalde han denne likninga: “Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: «No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?» «Herre, lat det få stå dette året òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.»”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

One comment on “Vend om!

  1. […] Førre søndagen skreiv eg at “den einaste måten å bli frelst er faktisk å villa bli frelst — å villa venda om.” Dette visualiserer Kristus for oss i likninga om den bortkomne sonen. Kva er eigentleg kjerna i denne likninga? Jo, det er omvedninga — og Guds haldning overfor oss. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s