Synd og natur

I dei fleste diskusjonar om arvesynd som eg har delteke i, så har det blitt hevda mykje rart av motstandarane av denne doktrinen. I ein diskusjon vart dette påstått om arvesynda (her lettare redigert):

Er det Adam sin skyld at jeg synder eller tilhører skylden meg selv? … Er vi syndere fordi vi er født med en syndig natur eller er vi syndere fordi vi velger å gjøre noe i strid med Guds vilje? Dette spørsmål deler forkynnelsen i to gater i dagens samfunn. … Arvesyndslæren har flere punkter, her følger fire: (1) Alle er skyldige for Gud på grunn av Adams synd. Selv uten syndig handling. (2) Det er ikke mulig for mennesket å bli kvitt denne tilstand på jorden, selv ved Kristi kraft. (3) Det er derfor helt umulig for mennesket å vinne seier over synd i denne verden. (4) Fordi det ville være umulig for Kristus å være vår frelser dersom han var besmittet med en arvesynd som tvang ham til å gjøre synd.

Personen som har skrive dette er ikkje einig i det vi lærer om arvesynd. Men la oss sjå litt på hans fire punkt om arvesynda:

Misforståingar om arvesynd. (1) Det er feil at vi blir skuldige av Adam si synd, her ser vi den klassiske feilslutninga at synd og skuld er det same. Her ser vi den fyrste skjulte premissen, at synd nødvendigvis er ein moralsk — og ikkje ontologisk/antropologisk — kategori. Bakgrunnen har ein visstnok frå 1Joh 3:4: “Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot.” (NO 78/85) Men dette er ein klassisk feil. Ein må ta for seg heile Bibelen, ikkje eit enkelt vers tatt ut av kontekst.(i) Ein kan til dømes lese i Rom 5:13b-14a: “Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam.”

(2) Dette er feil, det er ikkje umogeleg, men svært usannsynleg. Bibelen er svært klar på at frelsa er ein prosess (2Kor 3:18, Fil 3:12-14, etc.), og difor er ikkje mennesket fullstendig frelst her og no. Grunnen til at det er svært usannsynleg at mennesket kan “bli kvitt denne tilstand på jorden, selv ved Kristi kraft,” er at vår vilje er fri, og det er ikkje sikkert at vi alltid vil gjere det gode.

(3) Sjå nr. 2

(4) Her har han for så vidt rett, men det må forklarast betre. Fordi synd hovudsakleg er ein ontologisk/antropologisk kategori, så fylgjer det logisk at Kristus, som er sann Gud, ikkje hadde del i synd. Dette var også hovudpoenget med Hans misjon — at Han, som var lydig mot Gud, og hald på sin ufalne natur, kunne snu om på det Adam gjorde slik at vi ikkje lenger skulle vere bestemt på synda, men bli omskapte for å vere bestemt på Gud.

“Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel — det tyder: Gud med oss.” (Matt 1:23)

“I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til… Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:1-3.14)

“De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike..” (2Kor 8:9)

“Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene. Bli nye i sjel og sinn! Kle dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.” (Ef 4:22-24)

Det er altså slik at synda påverker den vi er, den er ikkje berre ei handling, men ein tilstand. Difor må Kristi frelsesverk vere ei nyskaping av mennesket. Gud blir menneske, lever som menneske, dør som menneske, står opp att som (fornya) menneske, og fer opp til Faderen — og tar menneskenaturen med seg! Inkarnasjonen opner for dette, opner for at vi kan få “del i guddomleg natur.” (2Pet 1:4)

Forskjellig begrepsapparat. Synd og nåde har altså med natur å gjere. Problemet er at ein i diskusjonar rundt dette opererer med totalt forskjellig begrepsapparat. Når eg snakker om “synd,” så ser eg det hovudsakleg som ein ontologisk/antropologisk kategori, medan andre ser på det som ein moralsk kategori. Vidare har vi nåden, og denne ser eg også i eit ontologisk/antropologisk perspektiv. For meg er nåden ei nyskapande kraft, medan det ofte hjå andre utelukkande er ein juridisk term. Eg trur at nåden er ei kraft som gjer at eg kan bli rik, at eg får “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4), at eg blir nyskapt i Guds bilete.

Mange av dei eg diskuterer dette med er einige, men dei opererer med ein skjult (og falsk) premiss.(ii) Dei går ut frå at arvesyndsdogmet er falskt fordi alle menneske har rett på å bli frelst, at vi har rett på å vere i Edens hage — at dette er vår naturlege tilstand. Men dette er feil. Frelsa er overnaturleg av karakter, vi blir heva over vår naturlege tilstand.(iii) Og dette er av nåde, ei gratis gåve som vi ikkje har krav på.

EDIT: Det kan kanskje vere interessant å lese frå Den katolske kyrkja si katekisme, #404:

404. (360, 50) Hvordan ble Adams synd alle hans etterkommeres synd? Hele menneskeslekten er i Adam “som én eneste manns eneste kropp”.[472] Ved “menneskeslektens enhet” blir alle mennesker berørt av Adams synd, på samme måte som alle er berørt av Kristi rettferdiggjørelse. På hvilken måte den opprinnelige synd blir overført, er imidlertid et mysterium vi ikke fullt ut kan forstå. Men gjennom åpenbaringen vet vi at Adam hadde fått hellighet og opprinnelig rettferdighet, ikke bare for seg selv, men for hele menneskenaturen: ved å gi etter for fristeren begår Adam og Eva en personlig synd, men denne synd virker inn på hele menneskenaturen som de så fører videre i fallen tilstand.[473] Dette er en synd som videreføres ved forplantning til hele menneskeheten, det vil si at det er en menneskenatur uten den opprinnelige hellighet og rettferdighet som føres videre. Derfor kalles den opprinnelige synd “synd” ved analogi, fordi det dreier seg om en synd som er “pådratt”, ikke “begått”, en tilstand, ikke en handling.

Dragnader. Vi kan kanskje forstå dette betre om vi ser på den jødiske læra om dei to dragnadane. Bente Groth skriv at dei jødiske rabbinarane

utviklet aldri noen arvesyndslære fra skapelsesforestillingene i 1. Mosebok. (…) Det betyr ikke at rabbinerne var eller er blinde for at det finnes mennesker som begår onde handlinger. De utviklet derfor en lære om at mennesket er skapt med to motstridene «impulser» eller tilbøyeligheter eller dragninger. Den ene leder mennesket til gode handlinger, den andre til dårlige. Uten disse to mulighetene ville mennesket ikke hatt behov for å foreta frie valg, noe som jøder ser på som en grunnleggende verdi. Det er opp til hver enkelt å arbeide med seg selv og velge det gode. I jødedommen er begrepet «synd» derfor mer knyttet til bevisste handlinger enn til en grunnleggende tilstand. Å synde er å unnlate å leve slik Gud vil. (Groth 2002, s. xx-xxi)

Her ser vi likskapar til våre “motstandarar,” men vi ser også likskapar til oss. Paulus nytta seg av dette i sine brev, og det same gjorde Jakob. Men her flytta ein fyrst fokuset frå sjølve dragnadane, til viljen, og ein omdefinerte den gode dragnaden som ein lyst til å ha fellesskap med Gud (“Anden” hjå Paulus, “visdomen” hjå Jakob), og den vonde dragnaden som ein lyst til å vere “seg sjølv nok” (“kjøtet” hjå Paulus, “lysta” hjå Jakob).(iv) Ein tok altså tak i den jødiske moralske synet på synda, og nytolka det i eit ontologisk/antropologisk perspektiv. Poenget er altså ikkje kva vi gjer, men kven vi er. Det vi gjer har bakgrunn i den vi er. Som det stod på ein busshaldeplass: “Den du er blir reflektert i dine gjerningar.”

Med dette i bakhovudet, les denne jødiske “syndsvedkjenninga” frå Jerusalems Talmud, Berakot 7d:

Min Gud og mine fedrars Gud, bryt den vonde dragnadens makt og fjern den frå våre hjarto, for du har skapt oss til å gjere din vilje, og vi er også bundne ut frå din vilje. Både du og vin ynskjer det slik, men surdeigen i oss hindrar det. Du veit det som er openberra, at vi ikkje har kraft til å stå den vonde dragnaden imot. Men la det vera din vilje, du som er min Gud og mine fedrars Gud, at du vil fjerne den frå oss. La den vere underlagd oss, så vår vilje kan bli som din vilje og vi kan få eit heilt hjarta! (Groth 2002, s. 51, omsett til nynorsk.)

Noter:

i. Det kjem fram av teksten i 1Joh (3:5f) at vi “veit at [Kristus] openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd. Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.” Dersom vi her ser på synda som ein moralsk kategori, så må konklusjonen bli at ingen kristne syndar eller gjer noko galt. Men dette er beviseleg feil, eg veit at eg syndar. Men om vi derimot her ser på synda som ein ontologisk/antropologisk kategori, så blir konklusjonen at kristne ikkje lenger er bestemt på synda, ikkje lenger bestemt på oss sjølve, men på Gud. Synd er i all hovudsak mistillit til Gud og eit brot i fellesskapet med Han. For kristne er ikkje synda lenger ein del av vår natur (mennesket i seg sjølv), vi er omskapte i Guds bilete. Dette ser vi mellom anna i 2Kor 3:18 og Ef 4:22-24.

ii. Når ein diskuterer noko, er det viktig å prøve å oppdage dei “skjulte premissa.” Eit døme er etikk. Mange seier at etikk er relativistisk, fordi det finst mange forskjellige (og motstridande) etiske normer mellom dei forskjellige kulturar. Men dette argumentet baserer seg ikkje berre på fakta, men innehar også premissen det er alltid rett å adlyde din kultur. Noko eg ikkje trur.

iii. Men det betyr ikkje at vår natur blir “sjalta ut.” Nei, den blir fullenda. “Nåden fullendar naturen,” for å parafrasere Thomas Aquinas.

iv. Gani Wiyono tar dette opp, og poengterer at “James [is seemingly] using a concept found in Jewish literature — the so-called yetzer (or more specifically yetzer hara).” (Wiyono 2000, s. 6) Wiyono identifiserer det greske ordet epithumia, “lyst,” “lyste etter,” med den vonde dragnaden (yetzer hara), og påpeiker vidare at dette er likt det vi finn hjå Paulus:

If James has an idea of “evil inclination” (epithumia) (Jas 1:14), Paul has an idea of “flesh” (sarx) (Rom 7). It seems that the two are presenting the same concept (yetzer hara) by using two different terminologies. For James, to overcome yetzer hara, man needs to ask “perfect gift fram above” — wisdom (1:5, 17, 3:18); For Paul, to conquer yetzer hara man needs to live in the Spirit — a gift graciously given by God (Rom 8:5-13). For James, those who overcome their yetzer hara will demonstrate certain virtues (James 3:13, 18); For Paul, those who subdue their yetzer hara will produce the fruit of the Spirit (Gal 5:22-23). (Ibid, s. 9)

Kjelder:

Groth, Bente (red.) (2002). Jødiske skrifter (Verdens Hellige Skrifter). Oslo: De norske bokklubbene

Wiyono, Gani (2000). “Wisdom in the context of James’ Leidenstheologie: A study of Wisdom Pneumatology in the Epistle of James.” Sekolah Tinggi Teologi Satyabhakti. http://www.sttsati.org/artikel/pdf/James Pneumatology-2000 by Gani Wiyono.pdf (08.03.2007)

One comment on “Synd og natur

  1. […] Den er delvis bygd på denne posten. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s