Kom, Ande med di skaparmakt

Veni creator spiritus:

Kom, Ande med di skaparmakt,
og reis det synd har øydelagd,
og fred og fryd i nåde giv
kvart hjarta du har vakt til liv!

Kveik ljoset ditt i vår forstand
og i vårt hjarta kjærleiks brann,
til vanmakt vår og vesaldom
med heilag hjartastyrking kom!

Lys opp for oss, så klart vi må
Gud Fader og Guds Son få sjå,
og deg som frå dei båe er,
i hjartans tru få evig kjær!

Ver lova Gud, vår Fader god.
Guds Son, som opp frå døde stod,
og Trøystaren, Guds Ande blid,
høglova ver til evig tid!

Kjelde:
NOS 209, v. 1.4.6-7
Tekst: Hrabanus Maurus (d. 856)
Omsetjing: Martin Luther 1524/ Matias Skard 1903

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s