Den bortkomne sonen

Som ofte elles, så er eg litt opteken denne helga. Difor blir det ein kort meditasjon over teksten.

Tekstane for 4. søndag i fasten er Jos 5:9a.10-12, 2Kor 5:17-21 og Luk 15:1-3.11-32. Eg skal ikkje sitere teksten, men berre meditere litt over den.

Førre søndagen skreiv eg at “den einaste måten å bli frelst er faktisk å villa bli frelst — å villa venda om.” Dette visualiserer Kristus for oss i likninga om den bortkomne sonen. Kva er eigentleg kjerna i denne likninga? Jo, det er omvedninga — og Guds haldning overfor oss.

I austleg-ortdodoks teologi seier ein at helvete er i Guds nervær, fordi Gud skal vera “alt i alle” (1Kor 15:28), og fordi Salme 68:2-3 seier at “Gud reiser seg, og hans fiendar vert spreidde; dei som hatar han, rømer for hans åsyn. Du driv dei bort som røyk. Dei gudlause går til grunne for Guds åsyn, lik voks som brånar for elden.”

Hovudpoenget til dei ortodokse er at Gud ikkje endrar seg, hjå Han “er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker.” (Jak 1:17) Det store spørsmålet er korleis vi står i forhold til Gud — er vi vend mot Han i kjærleik, eller er vi bortvend frå Han i hat? Eller som det står i CA art. 2, at vi er “fødde med synd, det vil seia utan otte for Gud, utan tillit til Gud og med trå.”

Poenget er at vi må vende om, og at Gud står der med opne armar og ventar på oss. Vend om!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s