Vi har fått nåde!

Tekstane for 5. søndag i fasten er Jes 43:16-21, Fil 3:8-14 og Joh 8:1-11. Eg skal ikkje sitere teksten, men berre meditere litt over den.

Dagens evangelietekst er historia om kvinna som vart teken i ekteskapsbrot, og som difor — etter moselova — skulle steinast. Kristus sa då, etter gjentatt “mas” frå dei skriftlærde og farisearane, at; “Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.” (v.7) Dei gjekk då bort, og Kristus, etter å ha påpeikt at dei ikkje dømde henne, sa: “Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!” (v.11)

Denne historia fortel oss litt omm kjerna i vår kristne tru, den kjerna som vi no i fasten ser fram til. Kristus kom ikkje for å “dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.” (Joh 3:17) Kristus kom altså for å lyfte opp det som låg (ligg) nede, opp til eit nytt nivå. Han for å gjere oss til sine sysken, Han kom som vår bror.

Dette handlar ikkje om å “glatte over” synd. Ei benåding impliserer faktisk at den som blir benåda er skuldig. Og vi er skuldige, vi lever ikkje alltid opp til det som vi er skapt til, og vi kjenner den vonde hug i hjarta vårt. Vi er, med andre ord, syndarar som har fått nåde. Pris Gud!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s