Predestinasjon

Kva er predestinasjon? Er dette eit bibelsk konsept? Er predestinasjon nødvendigvis det same som determinisme? Dette er spørsmål som ofte kjem opp i teologiske diskusjonar, spesielt på Internett. Eg tenke å ta det for meg her, og vise kva Bibelen seier om dette, og kvar kalvinismen tar feil.

I Rom 8:29f står det (mine uthevingar): «Dei han (Gud) på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken. Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.» (NT05) I 1978-utgåva står det (mine uthevingar): «Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.» I den engelske King James-utgåva står det: did predestinate.

Det står altså at vårt liv i Kristus er «på førehand sett,» at det er predestinert. Men vil ikkje dette fjerne vår frie vilje? Eg skal her prøve å forklare kvifor det ikkje er tilfelle, og kva som er forskjellen mellom Bibelen sitt syn på predestinasjon,(1) og det biletet vi ofte møter i diskusjonar — og som vi ofte møter hjå kalvinistar.

Slik eg ser det — og er sjølvsagt klar over at eg kan ta feil — så handlar ikkje dette om determinisme. Eg trur at «predestinasjon» i Bibelen ikkje handlar om noko som kjem til å skje uansett (predeterminisme), men at det handlar om det vi er skapt til, det mål som er lagt for oss. Det står at Gud har «på førehand sett» oss «til å bli forma etter biletet av Son sin.» Dette handlar altså om at Gud har skapt mennesket, og at det er vårt mål i livet å bli Kristuslik, å bli sant menneske, med «del i guddomleg natur» (2Pet 1:4). Vi kan seie at toget som går frå Oslo i kveld er predestinert til å komme til Bergen i morgon tidleg. Men det betyr ikkje at toget ikkje kan spore av. Synd i Bibelen betyr jo å «bomme på målet.»

«For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter — ved han og til han er alt skapt.» (Kol 1:15f) Alle menneske er skapt ved og til Kristus, dei er «på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son [hans].» Men det betyr ikkje at vi ikkje kan nekte å ta del i det, at vi blir tvungen til himmelen (eller til helvete). Og der er det kalvinistane (eller i det minste enkelte av dei) tar feil. Vi er skapt til å ha «del i guddomleg natur,» men vi har også fri vilje, vi kan velje å ta del eller å ikkje ta del i vårt mål, vårt telos.

Tvang til tro er dårers tale,
hjerter værger sig med fynd.
Tvungen tro ej sorg kan svale,
føder mere løgn og synd.
Kun til helved kan der tvinges,
men til himlen bare ringes,
frihed følger sandheds Ånd
.

— Grundtvig

Noter:

1. «Predestinasjon» er eigentleg eit dårleg ord, då det ber på så mange konnotasjonar. Difor er det betre å bruke det som ein har gjort i norske omsetjingar: «førehand sett,» (NT05) «førehand etla,» (1978/85), «føreåt utsett/føreåt etla» (Norsk Bibel 1988).

8 comments on “Predestinasjon

  1. ola says:

    Enig i hva du sier her. Determinisme hører ikke hjemme i en kristen teologi. Menneskets frie vilje henger fundamentalt sammen med Guds kjærlighet til mennesket. Tar man bort den frie vilje tar man samtidig bort evnen til å velge godt eller ondt, og begrepet synd blir, slik jeg ser det, meningsløst. (Apropos – tror dette er hva Dostojevskij egentlig prøver å si i sin ”legenden om Storinkvisitoren” i Brødrene Karamazov, der han langer ut mot sosialismen og Den katolske kirke )

  2. Petter says:

    Jag är också enig, “determinism” är en rent filosofisk tanke utan biblisk grund. Guds förutbestämmelse och utkorelse upphäver inte människans fria vilja och ansvar till gensvar, tvärtom, Guds plan är grunden för detta.

    Karl Barth (1886-1968) är en teolog som har gjort upp med kalvinismen utan att förringa predestinationens plats i evangelisk teologi. Han talar hellre om “Guds nådeval” (ekloge xaritos, Rom 11:5) än om “predestination” och en av hans poänger är att flytta fokus från oss som utkorade (utvalda) till Gud som utväljer, fast utan att upphäva den subjektiva sidan i relationen Gud-människa. Jesus Kristus är grunden och målet för predestinationen, han är den utkorade människan och den utkorande Guden, Guds nådeval.
    Mvh Petter

  3. […] 06Aug07 For ei tid tilbake posta eg nokre tankar omkring predestinasjon og predeterminasjon. Eg vil no bygge litt vidare på […]

  4. Nicolas says:

    “Tar man bort den frie vilje tar man samtidig bort evnen til å velge godt eller ondt, og begrepet synd blir, slik jeg ser det, meningsløst.”

    Fri vilje og determinisme er ikke inkompatible. Konseptet kalles passende nok kompatibilism (compatibilism).

    Uansett interessant dette med “destined” og “determined”. For å tøye analogien litt mer, kunne man kanskje sagt at Gud har en plan for oss, men du lar kanskje være å bruke det begrepet fordi det antyder at Gud har “forutbestemt” både målet og veien til det?

  5. Nei, eg trur at Gud har ein plan, men at vi står fritt til å gå etter den, eller til å feile på forskjellige stader. Vi kan seie at denne planen er vår “skjebne,” men den er ikkje determinert.

  6. Nicolas says:

    Litt på samme måte som et skolebarn får satt opp en timeplan av skolen, og selv om det er galt av barnet å ikke følge timeplanen står barnet metafysisk fritt til å følge planen, altså(?). I så fall er det vel kanskje litt uheldig å bruke begrepet “skjebne” ettersom ordet har litt deterministiske konnotasjoner.

  7. Difor skreiv eg “skjebne” i gåseauge.

  8. Nicolas says:

    Skjønte det, skulle bare bekrefte at jeg hadde skjønt hva du mente🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s