Palmesundag

Tekstane for palmesundag er Luk 19:28-40 (palmevigsling) eller Jes 50:4-7, Fil 2:6-11 og Luk 22:14-23:56 (messe). Eg skal ta for meg teksten frå palmevigslinga, men eg skal også sjå på epistelteksten frå messetekstane.

Evangelieteksten tar for seg det vi kjenner som palmesundagsoga, at Kristus reid inn i Jerusalem på eit esel. Eg skal her prøve å vise kva denne teksten fortel oss, kva bodskap ein kan finne i den.

Dei fleste som les denne teksten tenker seg sikkert at Kristus viste seg som svært audmjuk der han kom ridande på eit esel i staden for ein prangande hest. Og dei har rett, men også litt feil. Eg trur at denne historia fortel oss litt både om Kristi audmjuke sinn og Kristi storleik.

I gamle tider var det mange kongar som reid på esel for å vise at dei kunne kontrollere eit slikt stabeis — for å vise at dei kunne styre. Dette har ein i kristen tradisjon også knytt til læra om at våre lyster skal leggja seg under vårt intellekt, vår ånd — som skal leggjast under Gud. John Granger forklarar at,

The traditional Christian explanation of why Christ rides in triumph into Jerusalem on a donkey rather than a noble steed is that he wanted to show the hosanna-shouting assembly on the sides of the road a three-dimensional icon or symbol of the obedient man. Thus the donkey (certainly a picture of willful, stubborn desire) serves his master, Spirit and God incarnate in cheerful obedience.(i)

Slik kongen viser at han kan kontrollere eit stabeis — og seg sjølv — viser Kristus at han også har kontroll. Men dette viser også at Kristus er audmjuk. Sjølv om kontrolleringa av eit esel viste at dei hadde kontroll, så trur eg ikkje kongane hadde reist inn i sigerstog på eit esel. Men dette gjorde altså Kristus. Legg merke til orda mine. Kristi ferd inn i Jerusalem, der han skulle bli pint, bli krossfest til død og gravlagd, var eit sigerstog. For det stoggar ikkje der — men det skriv eg om neste sundag.

Eg nemnte så vidt epistelteksten frå dagens messetekstar, Fil 2:6-11. Eg vil la den stå som ei avslutning på denne meditasjonen, då den tar for seg nettopp det audmjuke og det storslagne ved Kristus:

Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. Difor har òg Gud opphøgt han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn. I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, Gud vår Far til ære!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. John Granger (2006), Looking for God in Harry Potter (updated second edition). SaltRiver, s. 104

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s