Ta og et

Tekstane for skjærtorsdag er 2Mos 12:1-8.11-14, 1Kor 11:23-26 og Joh 13:1-15. Eg skal ikkje ta for meg teksten direkte, men eg skal meditere litt over kva det vil seie at vi kan ta og ete Kristi kropp eller drikke Hans blod i nattverden.

I ein julesang syng ein at “jula varer helt til påske.” Og det er sant. Julebodskapen, at Ordet vart kjøt, ser vi verkeleg omfanget av no i påsken. Gud vart kjøt — og gjekk i døden for oss. Men eg vil her sjå på noko anna som også kjem fram om vi ser på ikjøtinga, inkarnasjonen. For å parafrasere noko ein ven av meg sa: Den store nyhenda i kristendommen er ikkje at mennesket kunne bli åndeleg, det hadde ein visst lenge, men at Gud vart materie, og at vi kan få eit møte Gud i det materielle.

Dette er den gode bodskapen, evangeliet, at Ordet gjennom sin inkarnasjon har lyfta opp det menneskelege, ånd, sjel og lekam, og gjeve det “del i gudomleg natur.” Ole-Christian Bråten tar opp syndsvedkjenningsdebatten i siste nr. av Lære og liv, tidsskrift for Kyrkjeleg fornying, men eg trur orda passer inn i denne samanhengen også:

Paradoksalt nok synes det som at det tilsynelatende så selvsikre moderne mennesket likevel har et så skjørt selvbilde at bare det å uttale noen ord om meg selv som «arme, syndige menneske, som har krenket deg med tanker, ord og gjerninger, og kjenner lysten til det onde i mitt indre», blir problematisk. Tydeligvis har mennesket i dag et behov for «å bli bekreftet som man er». Imidlertid finnes vel knapt noe større «positiv verdibekjennelse» eller solidarisk bekreftelse av det menneskelige enn inkarnasjonen — at Gud selv ble menneske.(i)

Då Gud vart menneske så bekrefta Han ikkje berre at Han ville ta del i tankelivet, i viljen, i det sjelelege eller det åndelege — men også at Han ville ta del i det kroppslege. “Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud,” skriv apostelen Johannes. (1Joh 4:2) La det stå som ei overskrift over dagen — reflekter over dette i dag, kvar dag — og spesielt i forhold til din eigen kropp.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. Ole-Christian Bråten, “Et hellig folk.” Lære og liv, nr. 1/2007, s. 5

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s