Den Gode Fredagen

Eg pleier å ha eit sitat kvar fredag, og denne dagen er ikkje noko unntak. Dette sitatet kjem til slutt i posten, etter nokre refleksjonar rundt den gode fredagen. Vi kaller det Langfredag her i landet, men i England og USA heiter det “Good Friday.”

I Fil 2 skriv Paulus at Kristus “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad på seg og vart menneske lik.” (v.7)(i) Og vidare at “[han fornedra] seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” (v.8) Kva betyr eigentleg det? Betyr det, slik som mange karikaturar av kristen teologi seier, at krossdøden på ein eller annan måte “demma opp” for Guds vreide?

I 1947 skreiv Dorothy L. Sayers ei bok som tok opp dette, The Dogma is the Drama. Ho gjengav der, i nærast katekistisk spørsmål-svar form, kva kvardagsfolk meinte om kristendomen. Om forsoninga skreiv ho:

Spørsmål: Kva blir meint med forsoninga?
Svar: Gud ønska å fordømme einkvar, men hans vreide vart tilfredstilla ved krossfestinga av hans eigen Son, som var heilt uskuldig, og difor eit spesielt skikka offer. Gud fordømmer no kun personar som ikkje fylgjer Kristus eller som aldri har høyrt om han.(ii)

Men denne type teologi, som dessverre er så altfor dominerande i vår kristne tradisjon, tar ikkje inkarnasjonen på alvor. Eg såg dette tydeleg i ein diskusjon eg hadde omkring Kristus. Ein person eg diskuterte med påstod at Gud kevde eit offer, at Gud krevde død. Vidare så vart eg skulda for å vere vranglærar fordi eg snakka om inkarnasjon. Han blanda saman dette begrepet med begrep frå buddhismen og hinduismen. Eg seier ikkje at han ikkje trur at Kristus vart menneske, men eg trur dette er eit symptom på ein sjukdom som ser ut til å breie seg blant “moderne kristne,” at folk ikkje blir skikkeleg opplært i kva som er deira tru. Det vi sit igjen med, er ei slagordprega forkynning som ofte er sentrert rundt tre tema; Heilagandens liv i oss, Kristi død på krossen eller politiske saker som homofil adopsjon of abort. Alt dette er viktig, men om ein fokuserer utelukkande på det, så blir det som å berre ete eller berre drikke.

Har ein eit slikt reduksjonistisk syn på kristendommen, så vil det sjølvsagt prege måten ein les Bibelen på. Men om ein tar med det mangfaldet som er i kristen Tradisjon (med stor T), så ser ein at Kristi lydskap til døden handlar om inkarnasjonen. Paulus beskriv nåden slik, at Kristus “for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.” (2Kor 8:9, 1978/85) Dette handlar ikkje om rikdom i pengar, det er ein metafor. Gud vart menneske, og levde som menneske, slik at vi kan få del i det guddomlege, slik at vi kan få “del i guddomleh natur” (2Pet 1:4). Eller slik Johannes seier det: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:14)

Kristi lydnad til døden handla altså ikkje om krossen i og for seg. For at vi skulle få “del i guddomleg natur,” så måtte Gud bli menneske og leve som menneske og på den måten herleggjere og ta opp i seg alt det menneskelege. Eit fundamentalt prinsipp som ligg bak inkarnasjonstanken er ideen om at det som ikkje er antatt, er heller ikkje frelst.

Diskusjonen i oldkyrkja gjekk på kva måte Gud og mennesket er foreina i Kristus. Det ein landa på, var “den hypostatiske union,” at Kristus er sann Gud, og sant menneske, men at det ikkje er to personar, men ein person. ???

Difor, for å konkludere, så kan vi seie at Kristi lydnad gjekk ut på at han levde som menneske, og at døden er ein realitet for oss. Difor måtte Kristus dø, ikkje for “å slukke Guds tørst etter blod,” men for å ta alt det menneskelege med seg i døden, og ta det med seg opp at i oppstoda, fornya. Slik Kristus seier det sjølv: “Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.” (Joh 12:24)

Så her fylgjer vekas sitat, eit utdrag frå ein artikkel av Torkel Brekke, der han snakkar om The Passion of the Christ og René Girard:

Litteratur- og religionsforskeren René Girard er kjent for sin teori om syndebukkmekanismen. Girard vil elske The Passion of the Christ fordi filmen er en studie i syndebukkmekanismen. René Girard ser vold som opphavet ikke bare til religion men til all sivilisasjon. Mennesket har i utgangspunktet få sperrer når det gjelder brutalitet overfor hverandre. Et drap kan kun hevnes ved et nytt drap, og gjensidig hevn skaper en uendelig historie av grusomheter. Bare ved å samles om en syndebukk, et svakt og ensomt medlem av gruppen, og ved å overføre all skyld på dette individet og drepe det, kan voldsspiralen unngås og sosial orden opprettes, ifølge Girard. Offerdrapet, altså kollektivets drap på syndebukken, er utgangspunktet for det ordnede samfunn.

Pontius Pilatus har en intuitiv forståelse for dette, han leser hele situasjonen med den rasjonelle politikerens øyne, som oldtidens Henry Kissinger. Han vet at moralske prinsipper kommer til kort overfor de hevngjerrige og blodtørstige folkemengdene som roper at de heller vil ta livet av profeten Jesus enn den gale morderen Barrabass. Den romerske guvernør vet at mennesker trenger brød og sirkus – og sirkus i virkelig forstand betyr blod og innvoller, ikke hester med rosa fjær på hodet.

Jesu venner forsto at Jesus ble anklaget på falskt grunnlag, og Jesus forsto det selvsagt selv. René Girard mener at evangeliene er historien om syndebukkmekanismen som fører til at menneskene korsfester Jesus.

Det kristne budskap om drapet på den uskyldige Jesus løfter dermed sløret fra øynene våre, det får oss til å oppdage de voldelige impulsene som styrer oss. Samtidig får vi makten til å forandre disse impulsene, til å forandre oss selv, vende oss fra kollektiv vold til nestekjærlighet.(iii)

Noter/referansar:

i. Dersom anna ikkje vert nemnt, så bruker eg Bibelselskapet sine utgåver av 1978/85 (GT) og 2005/NT05 (NT) som bibelreferanse.

ii. Sitert frå Jacob Frode Knudsen, “Måtte Jesus dø?” Spor (magasin for Bergen domkirke menighet), nr. 2/2007, s. 13 (omsett til nynorsk).

iii. Torkel Brekke, “Kraften i inderligheten.” Ny Tid, 27.03.04. 20.03.07.
http://nytid.no/index.php?sk=&id=1774

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s