God Påske!

KRISTUS ER OPPSTADEN!

JA, HAN ER SANNELEG OPPSTADEN!

Dei tre siste dagane har eg skrive om alt frå fellesskapet vi får gjennom nattverden til Kristi sjølvoppofring på krossen — og grunnen til dette. Men det er eigentleg berre “oppvarminga.” Rett før Kristus døydde på krossen, så sa Han: “Det er fullført!” Han meinte at Hans oppdrag — å leve som menneske for å knytte det menneskelege til Gud — var fullført. Men ein ting mangla — oppstoda.

Gud vart menneske, levde som menneske og døydde som menneske — utan synd. Og gjennom dette fonya Han mennesket, og stod so opp att. Oppstoda er panten på vår frelse. Påskemorgen vart mørke til lys, sorg til glede, redlse til håp. Og ein dag skal vi få del i dette. Ein dag skal vi fonyast totalt, få ein ny lekam, og vi skal ha del i himmelens herlegdom. Som det står hjå Daniel: “Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid.” (Dan 12:3)

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever
gravi brast, og Jesus lever!

Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde.
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

—NOS 180

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s