Alt er nåde!

Tekstane for 2. sundag i påsketida er Apg 5:12-16, Op 1:9-11a.12-13.17-19 og Joh 20:19-31.

I teksten frå Apostelgjerningane står det at “[v]ed hendene til apostlane vart mange teikn og under gjorde i folket. Med eitt sinn heldt alle saman og møttest i Salomos søylehall.” (Apg 5:12) Søylehallen kan vi også lese om i Johannes 10:22-30

Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter. Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen. Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!» Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. Far min, som har gjeve dei til meg, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut av handa til Far min. Eg og Far er eitt.»

Grunnen til at apostlane — og andre kristne — kan gjere teikn og under, er Kristus, sann Gud og sant menneske, eitt med Faderen. Og grunnen til vår heilaggjering er den same. Paulus seier: “arbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt. For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” (Fil 2:12f)

Mor Teresa sa at “alt er nåde,” og det er dette som bør vere vårt fokus. ALT ER NÅDE!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s