Lyft dykkar hjarto

Tekstane for 3. sundag i påsketida er Apg 5:27b-32.40b-41, Op 5:11-14 og Joh 21,1-19 (21:1-14). Tekstane frå Apostelgjerningane, samt teksten frå Johannesevangeliet, handlar klart om å fylgje Kristus. Det eg vil fokusere på i dag, er teksten frå Johannes’ Openberring.

Eg trur at Openberringsboka hovudsakleg er eit liturgisk verk — og at liturgien handlar om å leve for Kristus. Ja, boka fortel mykje om ting som har skjedd, som skjer og som skal skje. Men boka er hovudsakleg eit liturgisk dokument. La oss lese dagens tekst, Op 5:11-14:

Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste — det var ein uendeleg flokk, i titusental. Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia: Han som sit på trona, han og Lammet vere takk og ære, pris og makt i all æve. Dei fire skapningane svara: “Amen.” Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Vi finn likskapar til Openberringsboka i Jesaja.[i]

Op 4:2-6.5:8:

I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona. Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd. I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet. Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder. Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall. Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak…

Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage.

Jes 6:2-3:

Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre: “Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom.”

Både Jesaja og Johannes gjorde ei slags “himmelreise” — dei skuer inn i ein annan røyndom, og den blir formidla tilbake til oss med ord. Vi finn dette igjen i nattverdsliturgien, mellom anna i DNK. I byrjinga ber presten:

Liturgen: Herren vere med dykk.
Kyrkjelyden: Og med deg vere Herren.
Liturgen: Lyft dykkar hjarto.
Kyrkjelyden: Vi lyfter våre hjarto til Herren.

Her ber presten oss rett og slett om å ta ei himmelreise — og vi svarer bekreftande på det. Deretter messer presten ei lang, vakker bøn, og ber oss om å ta del i englesongen:

Liturgen: …Ved han lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar ditt namn med samrøysta jubel. Med dei vil vi også blanda våre røyster og tilbedande syngja.
Kyrkjelyden: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.

Kvifor tar eg fram dette i dag? Jo, fordi det er det vi gjer i liturgien — vår lovsong, vår hyllest til Kristus — er nettopp å fylgje Kristus. Grunnen til at apostlane vart piska, til at folk blir forfylgd den dag i dag, er fordi ein vedkjenner at Kristus er Gud, og at vi tilbed Lammet som vart slakta frå verda vart grunnlagd (Op 13:8).

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. Det eg skriv nedfor er delvis ei parafrasering av dette innlegget i diskusjonsforumet Teologisk Forum

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s