Fri vilje i himmelen?

Vil vi ha fri vilje i himmelen? Dette er ein diskusjon som har halde på i (mildt sagt) lang tid, og eg ventar ikkje at folk ser på mitt svar som bestemmande — eller at det i det heile tatt er i nærleiken. Men eg skal prøve.

Kva er fri vilje?[i] Kva er vilje? Det er to ting som her må definerast; fridom og vilje. Eg ser fyrst på viljen.

Viljen er ei sjelsevne,[ii] saman med intellektet/fornufta og driftene. Platon meinte at viljen måtte styrast gjennom dyden mannsmot, liksom intellektet blir styrt av klokskap/visdom og driftene blir styrt av måtehald. Dette er dei dei menneskelege dydene, dei såkalla kardinaldydene.[iii] Men viljen er ikkje noko mål i seg sjølv, den er — og skal vere — teleologisk retta (av gr. telos, “mål.”) Teleologi handlar altså om at ein ting er bestemt av mål eller formål. Det betyr ikkje at målet heilaggjer middelet, men at middelet har sin verdi i målet.

Ronald Fangen skriv:

Viljen betraktes (…) både av individer og av folkeslag som fornem, som et aldelsmerke. Man ynker og forakter den viljeslappe, ukonsentrerte, handlings udyktige — mens derimot den viljesterke, målbevisste — handlingsmennesket alltid kan være sikker på respekt. (…)

[Nansen er] et eksempel på den gode viljes makt, [men] vi mangler sandelig ikke hverken fra historien eller fra denne dag eksempler på hvad en sterk vilje kan skape av hat og nød og redsel. Å dyrke de store viljemennesker bare fordi de har en sterk vilje, det er vanvidd og et forræderi mot vår dypeste menneskelige rettighet: den å vurdere. Med andre ord: viljen er intet mål, den er et middel. Den er i seg selv en kraft, men den er ikke i seg selv en god kraft.[iv]

Viljen må alltid underleggjast forståinga, innsikta. Sjølv om vi har valet til å gjere feil, på ein matteprøve, i eit etisk val, etc., så betyr det ikkje at vi bør eller skal gjere det. Og då går vi over til fridomen.

Fridom blir ofte definert som — redusert til — valfridom, men eg meiner at denne definisjonen er mangelfull. Som eg skreiv oppfor, så skal viljen forståast i lys av innsikta, og det same meiner eg om fridomen. Valfridom er ikkje eit mål i seg sjølv, men er også teleologisk retta. Vi er “fri” til å ta feil, men det betyr ikkje at dei som “heile tida” vel rett er ufrie. Fridom og kunnskap må ikkje sjåast som motsetningar, men dei må sjåast saman. Når vi forstått dette, så blir det enklare. For korleis er himmelen definert? Eg vil her skå på tre bibelstader, samt uttrykket “det sære synet,” som vi finn i katolsk teologi.

1Kor 13:12:[v]

No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

Joh 14:6:

Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.”

Joh 8:31-32.36 (1978/85):

Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie… Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.”

Uttrykket frå katolsk teologi, “det sæle synet,” må forståast på bakgrunn av desse versa, samt 1Joh 3:2. Det handlar om at vi får skue Gud, skue sanninga. Vi får sjå “andlet til andlet,” og vi får “kjenna alt fullt ut.” Vi har fridom i himmelen, men denne fridomen er ikkje redusert til dei vala vi tar — den er alltid basert på den innsikta vi har.

Blir den frie viljen redusert til val, så kan det kanskje argumenterast for at vi ikkje er fri i himmelen — fordi ein alltid vil velje det god framføre det vonde eller det mindre gode. Men om eg her og no får valet mellom pizza og råtne egg, så vil eg alltid velje pizzaen, utan at eg er mindre fri av den grunn.

Poenget er at i himmelen vil alle sjå klart, og vil difor sjå det vonde som det “råtne egget” det er. Vår frie vilje vil ikkje bli tvungen til det gode av eit ytre press, men rett og slett vegleia av ei fullkomen indre forståing av kva som er godt og vondt. Ja, vi skal kjenna sanninga — og den skal frigjera oss.

Noter/referansar:

i. Denne teksten handlar ikkje om fri vilje er eksisterande eller ikkje. Det eg her skal prøve på, er å ta opp problemet med utgangspunkt i at fri vilje eksisterar. Enkelte som meiner at fri vilje er eksisterande, meiner også at det ikkje finst i himmelen. Det er desse eg no skal prøve å svare.

ii. I fylgje klassisk kristen lære, mellom anna inspirert av jødedom, Platon og Aristoteles er sjela tredelt — intellektet/fornufta (forståing), vilje/noble kjensler og drifter. Vi deler det fyrste (om enn i ei anna form) med englane, det siste med dyra.

iii. Desse dydene, som ein også finn i Bibelen (Visd. 8:7), er rettferd, klokskap/visdom, mannsmot og måtehald. Dei tre sistenemnde er tradisjonelt retta mot dei tre sjelsevnene individuelt, medan rettferda bestemmer forholdet, harmonien, mellom dei.

iv. Ronald Fangen, “Viljen.” i Ronald Fangen/C.F. Engelstad (red.), (1995). Essays (Norske Essayister). Oslo: Grøndahl/Dreyer, s. 120.122

v. Dersom anna ikkje vert nemnt, så er alle skriftreferansar frå Bibeleselskapet sine utgåver av 1978/85 (GT), 2005 (NT) og 1988 (DT/apokryfane).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s