Faderen og Sonen

Tekstane for 4. sundag i påsketida er Apg 13:14.43-52, Op 7:9.14b-17 og Joh 10:27-30. Eg vil i dag ta utgangspunkt i evangelieteksten, og meditere litt over den. Jesus seier der:

Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. Far min, som har gjeve dei til meg, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut av handa til Far min. Eg og Far er eitt.

I boka Johannes II: Evangeliet og brevene, der Egil A. Wyller har omsett Johannesevangeliet og Johannesbreva, er det ein interessant artikkel om den chiastiske strukturen i Johannesevangeliet.

Det kom fram der at midpunktet difor blir Johannes 10:30, “Eg og Far er eitt.” Poenget med Johannesevangeliet er altså, slik vi ser også av prologen og epilogen, at “I opphavet var Ordet” (1:1), at “Ordet vart menneske” (1:14), og at teikna i boka er skrive ned for at vi “skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at [vi] som trur, skal ha liv i hans namn.” (20:31)

Poenget er altså at vi skal tru dette, fordi “[Sonen] og Far er eitt.” Dette kjem også fram i teksten frå Openberringsboka, der det står at,

For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.

I ein lovsong eg song, sonf ein til Kristus; “Du er verkeleg.” Og nettopp dette er poenget her. Mennesket er eit rasjonalt dyr, skapt til refleksjon og tankeliv. Vi skal leggje oss under røynda, det verkelege, sanninga.

Vi skal tilbe Lammet, fordi Lammet er Gud, fordi lammet er “vegen, sanninga og livet.” (Joh 14:6)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s