“Heaven is a place on Earth”

Tekstane for 5. sundag i påsketida er Apg 14:21b-27, Op 21:1-5a og Joh 13:31-33a.34-35. Eg vil i dag sjå på dei johanneiske tekstane.

Op 21:1-5a:

Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå trona høyrde eg ei høg røyst som sa:

“Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.”

Han som sit på trona, sa: “Sjå, eg gjer alle ting nye!”

Joh 13:31-33a.34-35:

Då han hadde gått, sa Jesus: “No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine… Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine disiplar: at de har kjærleik til kvarandre.”

I dag er eg i konfirmasjon, så denne teksten vart skrive i hast på fredag. Eg vil i dag berre kort nemne at Himmelen er på jorda, Himmelen kjem ned til oss — og dette riket er eit rike av kjærleik, eit rike der vi tilbed Gud fordi Han er sanning. Ja, vi tilber han i ande og sanning.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s