Fred og kjærleik

Tekstane for 6. sundag i påsketida er Apg 15:1-2.22-29, Op 21:10-14.22-23 og Joh 14:23-29. Eg vil i dag, som dei siste søndagane, konsentrere meg om dei johanneiske tekstane.

Samanhengen i dei johanneiske tekstane denne dagen er interessant. I teksten frå Openberringsboka kap. 21 får vi høyre frå ein visjon av den heilage byen, Jerusalem. “Den hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis,” står det. “Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv Israelsættene. Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest. Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.” (vv. 11-14)

I evangelieteksten (Joh 14) står det meir om kva denne himmelen skal vere karakterisert av. “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han.” (v. 23) “Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!” (v. 27)

Himmelstaden, som kjem ned frå Gud,(i) er altså karakterisert av fred og kjærleik. Og dette, meiner eg, er svært viktig for at vi verkeleg skal vere frie. Paulus skreiv: “Til fridom har Kristus frigjort oss” (Gal 5:1) Og vidare at i Kristus “gjeld berre tru, verksam i kjærleik.” (v. 6)

Himmelen, vår fridom, handlar altså om dette, fred og kjærlkeik. La oss fokusere på dette allereie no, for om vi ikkje gjer det, er det ikkje sikkert at vi når fram i det heile. “Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.” (Matt 6:33)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. Det er interessant å sjå at medan dei fleste religionar handlar om menneskets leit etter Gud, menneskets veg opp fjellet, musa sin søken etter katen (for å stele eit poeng frå C.S. Lewis), så handlar kristendommen om Guds søken etter oss. Kristendommen handlar altså ikkje primært om at mennesket kan nå Gud, men an Gud når mennesket — ja, blir menneske.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s