“Gudsfrygt må være ethvert riges første grundlov”

På grunnlovsdagen i fjor skreiv eg ned nokre tankar omkring “dei dydene/dygdene som landet vårt er bygd over.” Eg skreiv at “[g]runnlovsfedrane som var samla på Eidsvoll på denne dagen, 192 [no 193] år tilbake, hadde desse dygdene i bunn. Dei laga grunnlova vår, slik at landet skulle veksa fram i dygder, og ikkje ramla saman.”

Eg vil her minne om at dagen i dag ikkje berre er vår grunnlovsdag, men også Kristi himmelfartsdag. Vår fridom er knytt til dette, til Gud. Difor vil eg i dag sitere Henrik Wergeland, frå ei preik han hadde på ein Kristi himmelfartsdag over Markus 16:14ff. Det kan kankje ikkje, som Ronald Fangen seier, rosast for teksttruskap, men den er “et frihetstestamente av enestående art og rang.” Eg siterer (frå eit essay av Ronald Fangen):

“Også vi forstå og føle at den 17de mai er den velsignelsesrigeste dag, Gud har ladet lyse over Norriges fjelde; og derfor vide vi, at den først og fremst bør feires med tak til Gud … Ja, vi vide mere: Vi vide at Gudsfrygt må være ethvert riges første grundlov, om det skal beståe.”

“Vi berømme os forgjæves av at være frie, når vi endnu kun lystre vore lyster, adlyde vore lidenskaber, når synden endnu hersker over os, når vi endnu ikke ere i stand til at dæmpe vor vrede, vor vellyst eller til at sætte havesyken skranker og kue æresyken og forfængeligheden, og under alle omstændigheder vælge og følge det den prøvende fornuft erkjender for det ene rette. Den der gjør synd — sier Jesus — er syndens træl.”(i)

Eg vil oppfordre til det same som i fjor, at vi må ta fram dei gode dygdene, leve etter dei, og gjere det i takkseing (eller eukaristi) til Gud.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

i. Ronald Fangen, “Om frihet.” i Ronald Fangen/C.F. Engelstad (red.), (1995). Essays (Norske Essayister). Oslo: Grøndahl/Dreyer, s. 134

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s