Arnfinn Haram om å leve i medvit om Guds nærver

[Den] opne, ventande instillimga til Guds nærver må øvast opp også i tilhøvet til den ytre røyndomen; til skaparverket, til det historiske forløpet, til mennesket og dets kultur. Den kristne trua er kanskje i vår tradisjon einsidig knytt til det indre planet og dermed blitt gjenstand for ei idealistisk forsnevring. Dersom vi skal fornye den kristne kontemplasjonen, treng vi ei fornying av den naturlege teologien. Alt som lever og er til, lærer oss noko om Gud, han som er alle tings opphav og mål, sjølve kjelda for tilveret. Bibelen vitnar klårt om dette og den rettlærande Kyrkja har til alle tider lagt vekt på den naturlege gudskunnskapen og menneskets evne til å vite noko om Gud utfrå den skapte røyndomen. “…han er ikkje langt borte frå nokon av oss. For i han er det vi lever, rører oss og er til” seier apostelen i talen sin på Areopagos (Ap.gj. 17,27-28). Kyrkja vitnar om denne si tru når ho i samklang med Bibelen syng: “All jorda er full av hans herlegdom!” (Nattverdliturgien). Like sikkert er det at Gud er den som styrer soga og syner sine spor i kultur og samfunnsliv, i moralinnsikt og religiøst liv. På alle desse områda ser vi nok gudsrøyndomen “som i ein spegel, i ei gåte” (1. Kor. 13,12), men å leve i medvit om Guds nærver, vil også seie å speide etter hans spor og lyde etter hans steg i det vanlege livet, i den vanlege røyndomen.

Kjelde:
Arnfinn Haram, “Å leve i medvit om Guds nærver.” Arken-hefte, nr. 1 (ny serie). Classica Forlag 1993, s. 3-4

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s