Eitt med Gud

Tekstane for 7. sundag i påsketida er Apg 7:55-60, Op 22:12-14.16-17.20 og Joh 17,20-26. Fokuset blir, som dei føregåande søndagane, på dei johanneiske tekstane. Eg skal ikkje sitere heile tekstane, berre nokre utval.

I Openberringsboka står det: “Sjå, eg kjem snart, og løna eg vil gje, har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort… Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn utan betaling… Han som vitnar om dette, seier: “Ja, eg kjem snart.” Amen. Kom, Herre Jesus!” (22:12.17b.20) Kristus tar også opp dette, og forklarer korleis dette heng saman i sin lange øvsteprestelege bøn i Johannes 17:

Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. (vv. 20-23a)

Vi kristne er kalla til å vera eitt, vi er kalla til å samlast rundt Den eine Gud, Den Høgste. Men korleis går dette til? I Den ortodokse kyrkja har ein lenge snakka om theosis, “guddomleggjering.” Det har sin bakgrunn i Peter sitt andre brev, kap. 1:4: “[Kristus har] gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.”

Men korleis kan vi få del i guddomleg natur? Vi er jo menneske. For å forklare dette, vil eg sjå litt på thomistisk filosofi (filosofien etter Aquinas og hans etterfylgjarar). Der opererer ein med uttrykka akt og potens. Knut Erik Tranøy forklarar litt kva som blir meint med dette:

Det er ikke lett å finne en adekvat oversettelse for disse to grunnbegrepene, potentia og actus. Prenter bruker uttrykkene mulighet og virkelighet, og de antyder i alle fall en meget viktig og vesentlig del av begrepsinnholdet. Jeg tror likevel det er å foretrekke å holde seg til ordene potens og akt for å unngå villedende bibetydninger som andre uttrykk kan ha. (…)

Potens og akt er to grunnleggende værens-former eller værens-måter. Thomas sier om en ting som er, at den er in potentia eller in actu. Å si at en ting er in potentia er å si at den har væren i mulighets form; å si at en ting er in actu er å si at den har væren i virkelighet; og det vil igjen si at de muligheter tingen hadde da den var in potentia, nå — da den er in actu — er aktualisert, virkeliggjort, oppfylt.(i)

Vi er kalla til å utvikle vårt menneskelege potensiale, til å få del i det Gode, til å bli fullkomne. “Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.” (Matt 5:48) Det greske ordet som er omsett med “fullkomne,” teleios, har sitt opphav i telos, “mål.” Altså kan Kristi hyperboliske formaning vere ei formaning til å utvikle oss, gå fram mot Gud, mot guddomleggjeringa.

Måten vi kan oppnå dette på, er å leve i kjærleik — og i Guds nåde. Difor er det dette vi no må fokusere på. Og dette får vi gjennom vårt menneskelege intellekt, sidan — som Thomas seier — nåden ikkje øydelegg vår natur, men fullkommengjer den: “[G]race perfects nature according to the manner of the nature.” (ST 1a 62,5, corp.) Vi blir lyfta opp. Vir blir ikkje guddomlege av essens, men vi blir på ein måte adoptert, og blir eitt med Gud — gjennom Kristus, Gudmennesket som foreina og forsona mennesket med Gud. Han som av nåde “[vart fattig for dykkar skuld] då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor 8:9)

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. Knut Erik Tranøy, Thomas av Aquino som moralfilosof (Oslo: Universitetsforlaget, 1957), s. 54-55.

  • Prenter: Dette er ei referanse til Regin Prenter si bok Thomismen (København: Gads forlag, 1953)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s