Heilaganden som mål for kristenlivet

Tekstane for pinsedag er Apg 2:1-11, Rom 8,8-17 og Joh 20:19-23. I dag tar eg for meg teksten frå Johannes:

Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Disiplane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Disiplane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: “Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.” Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.”

Denne dagen er det Heilagandens virke som er i fokus. Difor vil eg i dag sjå litt på Den ortodokse kyrkja. Det er den av dei “klassiske kyrkjene” som kanskje har hatt mest fokus på det karismatiske. Fader arkimandritt Johannes ved Hl. Nikolai ortodokse forsamling i Oslo påpeiker overfor avisa Dagen at å tilegne seg Heilaganden er sjølve målet for det kristne livet, og seier:

[Den Hellige Ånd] er sentral i den enkelte kristnes liv. Det handler om å kunne kalle seg kristen eller ikke. Kristus blir nærværende gjennom Ånden og vi forholder oss direkte til den gjennom bønn. Vi skiller oss kanskje litt ut ved at vi ønsker å tydeliggjøre at vi står i en levende tradisjon av opplevelser med Den Hellige Ånd. Derfor skal den enkeltes personlige bevissthet om tredje person i guddommen også være til nytte for fellesskapet. Det er ikke bare meg og Gud, men hele menigheten. Vi er ikke så individuelle, men heller personlig i vårt forhold til Den Hellige Ånd.[ii]

Og dette er vårt mål som kristne, å ta “del i guddomleg natur,” gjennom Heilaganden.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter/referansar:

i. Johannes Reindal, “— Den Hellige Ånd er målet for det kristne livet” (Dagen (Magazinet), 26.05.2007), s.15

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s