Etikk og frelse

I boka After Virtue tar Alasdair Macintyre tak i den klassiske aristoteliske etikken, og påpeiker at den alltid var (er) bygd rundt eit tredelt skjelett, eit “tredelt skjema” med eit klart fokus på menneskets mål, menneskets telos.[i] Han skriv:

Innad i [det] teleologiske skjema er det ein fundamental kontrast mellom mennesket-som-det-faktisk-er og mennesket-som-det-kunne-vore-om-det-realiserte-sin-essensielle-natur. Etikken er den vitskapen som set mennesket i stand til å forstå korleis ein skal foreta overgangen frå den fyrstnemnte til den sistnemnde tilstanden. I fylgje dette synet føreset etikken ein eller annan framstilling av potens og akt, ein eller annan framstilling av menneskets essens som eit rasjonelt dyr og framføre alt ein eller annan framstilling av det menneskelege telos.[ii]

Vi sit altså med dette trefaldige skjema: (1) Mennesket lever i ein slags uopplyst naturtilstand.[iii] (2) Etikken, som er rasjonell, er den reiskapen vi har til å endre denne tilstanden. (3) Mennesket har eit klart mål, eit telos. Desse tre elementa er berre meiningsfull om vi ser dei i relasjon til dei andre. Aquinas kristne etikk kan seiast å vere slik: (1) Mennesket er i ein uopplyst (eller dårleg) naturtilstand, mellom anna grunna arvesynda. (2) Etikken er gjeve av Gud, og kan langt på veg erkjennast av den menneskelege fornufta. (3) Etikken er gjeve til oss for at vi skal oppnå vårt mål, å ha “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4). Problemet kjem når ein fjerne eit av desse elementa, noko som Macintyre meiner skjedde i opplysningstida der ein prøvde å finne ein rasjonell grunn for etikken utan tanke på eit mål med den.

Ein kan ikkje fjerne ein av desse utan at det heile misser meining. Fjernar ein nr. 1, så forholdet mellom dei to andre meiningslaust. Kva er vitsen med etikk dersom mennesket er totalt godt? Fjernar ein nr. 2, så skjer der same. Korleis kan ein flytte seg frå dårleg til god utan å ha noko å gjere det med? Fjernar ein nr. 3, noko som ein prøvde på i opplysningstida, så må ein spørje seg: kva er visten med etikk dersom den ikkje har noko formål?

Macintyre påpeiker at etikken sitt formål er å utdanne og forme menneskenaturen slik at den oppnår sitt mål. Og med det må vi sjå på kva etikken eigentleg er. Etikk er meir enn lovar og reglar, det handlar om alt ein gjer, om kva som er rett og galt i forhold til vårt — og andre sitt — mål. Etikken handlar ikkje berre om plikter, den er eit middel som er til for å realisere vår essensielle natur.

Dette trur eg eine og åleine kan gjerast gjennom Gud, ved nåde. Som eg påpeika oppfor, så er vårt mål å bli lik Gud, å bli “guddomleggjorte” (2Pet 1:4, 1Joh 3:2), noko vi byrjar på her i livet. Difor seier Kristus: “Ver då fullkomne (gr. teleios) liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen (gr. teleios).” (Matt 5:48) Han vil altså at vi skal byrje på dette allereie no. Eit parallell vers til dette finn vi i 3Mos 19:2: “Sei til heile Israels-lyden: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.”

Etikk og kristendom har altså mykje med kvarandre å gjere, om målet står i fokus. Om det ikkje gjer det, så er den fåfengd.

Noter/referansar

i. Telos er gresk og betyr “mål.” Ein teleologisk etikk vil difor vere ein målretta etikk.

ii. Macintyre, Alasdair, After Virtue: a study in moral theory. Second Edition (London: Duckworth, 1985, 1st Edition, 1981), s. 52, omsett til nynorsk.

iii. Eg vegrar meg litt til å bruke uttrykket “natur” i denne samanhengen, då dette ofte blir brukt synonymt med “essens.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s