Menneskets problem

I fylgje tradisjonen frå Platon, og den tradisjonen som framleis er framtredande i human-etiske krinsar, har mennesket eitt hovudproblem; det manglar kunnskap. Dette er i og for seg korrekt, men eg trur at ein ikkje går langt nok. Eg trur at mennesket har to fundamentalproblem; kunnskapsmangel og synd. For å formulere det litt snusfornuftig: Mennesket er skapt til å ha lite (ingen) synd og mykje kunnskap, medan mennesket i realiteten har lite kunnskap og mykje synd. Vi treng hjelp.

For Platon ligg problemet (og løysinga) i fornufta. Berre vi får nok kunnskap, så går det greit. Men eg trur han tar feil. Problemet ligg ikkje berre i (lite bruk av) fornufta, men i kjenslene, i viljen. Kristus fokuserer både på viljen og fornufta, og Paulus seier at Gud “vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.” (1Tim 2:4) Her ser vi (i) at vi har to problem; synd og kunnskapsløyse, og (ii) to at Gud ynskjer å hjelpe oss ut av dette.

Thomas Aquinas meinte at mennesket har fem sjelsevner, og eg meiner at han har rett i det. Desse er (i) fornuft (intellectus, ratio),[1] (ii) vilje (voluntas), (iii) evne til sansing og persepsjon, (iv) instinkt, sensitiv strebeevne/appetitt (appetitus sensitivius), og (v) drifter, naturleg strebeevne/appetitt (appetitus naturalis). I Platon si oppdeling blir sanseevna, instinkta og driftene sett under eitt. Thomas har også eit annna navn på viljen, nemleg appetitus rationalis, den fornuftsbestemte strebeevnen.

Poenget med å ta for meg dette, er at å vise at vi menneske ikkje berre har kunnskapløyse som problem, men at synda — som eg meiner hovudsakleg har med viljen å gjere, men som også (gjennom den) kan mørkleggje fornufta — også er eit hovudproblem. Dette meiner eg er det som stemmer mest overens med erfaringane eg har som menneske også. Det er, som Paulus seier, ikkje alltid at eg vel å gjer det eg veit er rett, sjølv om eg veit at eg burde (Rom 7:19).

Så, eg bed deg, neste gong du bed til Gud, bed denne bøna som står i Salme 51, og som tar for seg det som Paulus skriv om i 2Tess 2:4:

Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta, så lær meg visdom i hjartedjupet! Reinsa meg for synd med isop, vaska meg, så eg vert kvitare enn snø! (Sal 51:8f)

Noter/referansar

1. I Summa Theologiae seier Thomas at fornufta er ei sjelsevne, men at den har to funksjonar; (i) intellectus, intellekt, rasjonell intuisjon, og (ii) fornuft eller gjennomtenking. Platon skil mellom nous, “intellekt,” og dianoia, “gjennomtenking.” Det siste faktisk kan omsetjast med “gjennom nous.” I foredraget “Good, True and Beautiful” snakkar Peter Kreeft om C.S. Lewis sitt syn på dette, og seier: “You cannot produce rational intuition of truth by argument, because all argument depends on rational intuition.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s