Tungetale

Kva lærer Bibelen oss eigentleg om tungetale? Dette vart for nokre dagar sidan tatt opp i ein diskusjon eg hadde med nokre kristne vener, og her vil eg skrive ned litt av det eg meiner om saka.

Personleg bøneliv. Tungetalen høyrer hovudsakleg det personlege bønelivet til. Det er, som Paulus seier, slik at “den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden.” (1Kor 14:2) Og vidare: “Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.” (v. 4)

Omsut for ikkje-kristne. Når det gjeld tungetale, så skal vi ha omsut for eventuelle ikkje-kristne som kjem inn i forsamlinga. “Om no heile forsamlinga kjem saman,” skriv Paulus, “og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle. Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!” (1Kor 14:23-25)

Vi skal ikkje drive folk bort med dette. Og eg kjenner til folk som ikkje vil ha noko med kristendommen å gjere, utelukkande på grunn av dette. Enkelte kan sikkert meine at dette er eit umodent val å ta, og dei har kanskje rett, men sett at du gjekk inn i ei forsamling (utan tru på Gud eller tungetale) og såg (og høyrde) at alle dreiv med tungetale. Kva ville du då tenkt om kristne? Ville du ikkje trudd, slik Paulus retorsk spør, at dei hadde “gått frå vitet?”

Vi skal ikkje skremme folk med tungetale. Men vi kan godt, som ein av tilhøyrarane sa, forklare ikkje-kristne vener kva dette er, førebua dei på det. Men dette kan jo ikkje gjelde ikkje-kristne som går der utan kristne vener. Difor bør vi halde oss til det Paulus skriv om antal tungetalarar.

Antal tungetalarar. Paulus er klar på at tungetalen skal vere avgrensa i forsamlinga. “Når de kjem saman,” skriv han, “har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.” (1Kor 14:26b-28) Og vidare: “For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud… Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!” (v. 33.39f)

Sjølv om eg ikkje er glad i å kritisere andre kristne vener, så må eg seie at eg ved å lese 1Kor 14 ikkje kan konkludere anna enn å seie at den praksisen som er i mange karismatiske forsamlingar er ubibelsk. Det skal ikkje vere meir enn to eller tre som talar i tunger, og dte skal alltid tydast. Ein av personane i diskusjonen spurde om kva som ville skje om han som skulle tyda det var ulydig. Til det er eg usikker på kva eg skal svare, men eg trur at den som taler i tunger veit heilt intuitivt når han har ein bodskap som skal fram. Dersom han ikkje berre veit det (intuitivt), så skal han teia. Og han kan heller be i seg sjølv, oppbyggje seg sjølv. Som Paulus seier det:

For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden. For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia “amen” til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det. Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger. Sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne. (1Kor 14:14-20, mi utheving)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s