Bloggen er to år gamal!

I dag er det to år sidan eg starta denne bloggen, med tittelen “Skapkatolikken,” og eg tenkte å ta opp tråden frå ein av kommentarane til teksten som eg poste for eit år sidan. Der skreiv Christianculture om Thomas Aquinas sitt syn på fridomen, med utgangspunkt i George Weigel si bok The Cube and the Cathedral:

Mennesker i dag tenker gjerne på frihet som frihet til å gjøre hva som helst. Det kommer til utrykk i menneskers liv generelt, men også i kunsten har man innført samme prinsipp, med den medfølgende degenereringen av kunsten.

Men [Weigel] peker i sin bok på at Aquinqs frihetsbegrep i følge Fader Pinckaer best kan fanges i begrepet “freedom for exellence”. Som han peker på, alle kan dundre “fritt” løs på et piano uten at det blir musikk av den grunn. Men først når man velger å øve og øve, vil man tilslutt komme dit at man får en frihet til å kunne brilliere på pianoet.

Du får en frihet til å spille, og å være skapende, som den som mener at frihet er frihet til å gjøre hva som helst, aldri kommer i nærheten av.

Eg vil i dag skrive litt om kva ekte fridom — det ein på engelske kan kalle for liberty — skal vere forankra i, nemleg sanninga. For å illustrere litt, la meg vise til Aristoteles og soga i 1Mos 2-3. I fylgje Aristoteles sin kunnskapsteori er det hovudsakleg tre grunnar for å søkje kunnskap; (i) å kjenne sanninga for sanninga si eiga skuld, (ii) etisk livsførsel, (iii) teknisk kunnskap. Eg trur at vi kan lese skapingssoga i 1. Mosebok i lys av dette.

I 1Mos 2:9.16-17 står det:

Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt… Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: “Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.”[1]

Denne teksten har eg diskutert opp og ned i diverse fora, både på Internett og andre plassar, og den påstanden som ofte kjem att er at Gud her viser seg som ein tyrann, ein som vil hindra menneska i å få kunnskap. Men eg meiner at dette er malplassert. Og eg vil bruke Aristoteles sin kunnskapsteori for å vise dette.

For det fyrste, så gav ikkje Gud fyrst noko forbod om å eta av livsens tre, berre “det treet som gjev kunnskap om godt og vondt.” Betyr dette at Gud vil hindre mennesket i å nå denne typen kunnskap? Nei, det gjer det ikkje. Dette vil eg vise gjennom å sjå på andre bibeltekstar, mellom anna frå visdomstradisjonen og frå Hebrearbrevet. I Hebr 5:12-14 står det:

Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt. (NT05)

Mjølk her er mellom anna trua, men ikkje berre den. Det er også kunnskapen om Gud, kunnskapen om sanninga. Og ein kan ikkje øve opp sansane “til å skilja mellom godt og vondt” utan fyrst å ha innsikt i det som er sant. For Aristoteles var innsikt i sanninga noko som kom før etisk kunnskap, og ein skal heller ikkje snu opp ned på dette, noko som blir illustrert i 1Mos 3:22 ved at mennesket ikkje får ete av livsens tre etter at dei har ete av kunnskapens tre.

Livsens tre er også visdomstreet. I Ord 3:18 står det at visdomen “er eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.” Her ser vi altså at visdomen — kunnskap om Gud, innsikt i sanninga — står over, og er ei føresetning for, etisk kunnskap, kunnskap om godt og vondt. Som det står i Visdomsboka (i dei deuterokanoniske bøkene):

Visdomen er som eit strålande ljos, den forgår aldri. Dei som elskar den, får lett auga på den, dei som søkjer den, finn den. Den ilar dei i møte som vil læra den å kjenne. Står nokon tidleg opp for å møta den, er det ikkje fåfengt: Han finn at visdomen sit klar ved døra hans. Å via sine tankar til visdomen er fullkommen klokskap. Den som våkar for visdomens skuld, blir snart kvitt sine sorger. For den går sjølv omkring og søkjer dei som er den verd. Den møter dei på vegen og openberrar seg venleg for dei; den kjem dei i møte i alt dei tenkjer. Visdommens sanne utspring er ynsket om å læra: Vil du gjerne læra, elskar du den; elskar du den, held du dens bod; fylgjer du dens bod, har du sikra deg udøyelegdom, og udøyelegdom bringer deg nær Gud.[2]

Soga frå 1. Mosebok handlar også om erfaring. Mennesket har ikkje all kunnskap, det treng å lærast opp i visdom. Difor skal det heller ikkje utsetjast for alt med ein gong. Adam var som eit born, han trengde å få innsikt i sanninga før han fekk moralsk innsikt. Det treng ikkje vere snakk om tid, men om kva ein set fyrst. Akkurat som viljen skal underleggjast intellektet, så skal vår etiske kunnskap underleggjast innsikta. Den russisk-ortodokse biskopen Alexandre Kalomiros påpeiker dette:

Death was not inflicted upon us by God. We fell into it by our revolt. God is Life and Life is God. We revolted against God, we closed our gates to His life-giving grace. “For as much as he departed from life,” wrote Saint Basil, “by so much did he draw nearer to death. For God is Life, deprivation of life is death.” “God did not create death,” continues Saint Basil, “but we brought it upon ourselves.” “Not at all, however, did He hinder the dissolution… so that He would not make the infirmity immortal in us.” As Saint Irenaeus puts it: “Separation from God is death, separation from light is darkness… and it is not the light which brings upon them the punishment of blindness.” (…)

“The tree of knowledge itself,” says Theophilus of Antic, “was good, and its fruit was good. For it was not the tree, as some think, that had death in it, but the disobedience which had death in it; for there was nothing else in the fruit but knowledge alone, and knowledge is good when one uses it properly.” The Fathers teach us that the prohibition to taste the tree of knowledge was not absolute but temporary. Adam was a spiritual infant. Not all foods are good for infants. Some foods may even kill them although adults would find them wholesome. The tree of knowledge was planted by God for man. It was good and nourishing. But it was solid food, while Adam was able to digest only milk.[3]

Altså handla ikkje teksten frå 1. Mosebok om ein “guddomleg tyrann,” men om ein Gud som vil at vi skal ha kunnskap om godt og vondt etter at vi har fått innsikt i sanninga. Vi skal fyrst ha melk, deretter skal vi modnast ved å øve opp sansane til å skilja mellom godt og vondt.

Noter/referansar

1. Bibelselskapet 1978/85. Eg vil nemne at eg ser på denne teksten (ja, faktisk 1Mos 1-11) som mytiske tekstar. Det betyr sjølvsagt ikkje at dei er usanne, men at sanninga deira ligg på eit anna nivå enn historieskriving.

2. Visd 6:12-19, omsett til nynorsk

3. Alexandre Kalomiros, The River of Fire, as presented at the 1980 Orthodox Conference, Seattle, Washington, kap. iv, s.107-108/9-10. (Seattle: St. Nectarios Press) (08.04.2007)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s