Kontaktpunkt for trua?

I diskusjonar omkring sakrament og andre “materielle” tilnærmingar til kristen tru, kjem ofte denne setninga (i forskjellige former): “Eg har ingenting imot bruk av materielle ting i tilbedinga, inkludert sakrament. Mange treng eit konkret kontaktpunkt for trua.” Eg har brukt dette argumentet sjølv, men har i det siste reflektert litt over kor feil dette eigentleg er.

Denne haldinga er nærast ukristeleg og kvasignostisk, og byggjer på premisset at mennesket eigentleg er åndeleg, men at enkelte, dei som ikkje er sterke nok, treng eit “kontaktpunkt” for (den svake) trua si. Men faktum er at vi er ikkje primært åndelege eller sjelelege, vi er pyskosomatiske. “Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.” (1Mos 2:7)

Ordet som er omsett med “[levande] skapning,” hebr. næfæsj, har mange tydingsnyansar (i fylgje min databibel.) Ordet kan omsetjast på mange måtar til gresk, mellom anna kardia, “hjarta,” psyke, “sjel” og soma, “kropp.” Biskop emeritus Rosemarie Köhn tok dette opp i ein artikkel (då ho framleis var fungerande biskop):

[Næfæsj] er et spennende ord fordi det går på mennesket som både sjel og legeme, kropp og ånd. Vi har ikke noe tilsvarende ord i vårt språk, og bibeloversettere har strevd og strevd med å finne en god og adekvat oversettelse. Blant annet brukes ordet i 1. Mosebok kap. 2: «Herren Gud blåste livspust inn i hans nese, så mannen ble til en levende skapning.» Ordet skapning brukes altså i vår nyeste bibelutgave som en oversettelse av næfæsj. Tidligere har man oversatt med sjel, vesen, liv: Mennesket ble en levende sjel, et levende vesen etc. I den bibelske tankeverden holdes med andre ord mennesket sammen som en udelelig helhet. Mennesket har en sjelsside som det ikke går an å skille fra kroppssiden.[1]

Så, når mennesket bruker sakrament og andre materielle ting, så er det ikkje berre “kontaktpunkt” for trua. Nei, mennesket er næfæsj, og dette påpeika Gud ved å bli menneske, ved å bli kjøt. Som Johannes av Damaskus sa det på 700-talet:

I tidlegare tider kunne Gud, som er utan form eller lekam, aldri avbildast. Men no når Gud er sett i kjøtet i samtale med menneske, lagar eg eit bilete av den Gud som eg ser. Eg tilber ikkje materien; eg tilber materiens Skapar som vart materie for mi skuld, som ville ta bustad i materien, som fremja mi frelse gjennom materien.[2]

Noter/referansar:

1. Köhn, Rosemarie, “Mennesket som næfæsj” (Tidsskriftet, nr. 13-4, juni 2005) (12.06.2007)

2. Sitert i Solrun Nes, Ikonmaleri.no

2 comments on “Kontaktpunkt for trua?

  1. Harald says:

    Amen!

    På akkurat dette feltet lider dessverre det tradisjonelle “kristenfolket” i Norges land av en alvorlig mangelsykdom. Jeg har selv vokst opp i bedehusland, men har (jeg må si dessverre) brutt med den tradisjonen fordi den i lengden ble så altfor fattig. For meg var det i hvert fall svært befriende å oppdage et større liturgisk og sakramentalt rom, et rom der man er bevisst på at det sakramentale ikke bare er et tegn på noe som *egentlig* skjer inni meg, men at det – som du også antyder – er det sakramentale som er det egentlige, ikke mine mer eller mindre svingende følelser og tankespinn.

  2. Dette kan vi også knytte til jødisk (og gamaltestamentleg offerteologi). Eg anbefaler å ta ein titt på Andrea Lieber sin doktorgradsavhandling; “God incorporated: Feasting on the divine presence in ancient Judaism.” Ho er jøde, og forskar/akademikar innan jødiske studier.

    Ho drar parallellar til skodebrødstradisjonen (visste du at i ESV (2Mos 25:30) blir det omsett til “the bread of the Presence”?) Ho påpeiker også at dette måltidet vart sett på som eit offer til Gud. Dette er ikkje berre støtta av Esekiel, som samanliknar skodebrødsbordet med eit alter (Es. 41:21-22), men også 3Mos 24:5-9.

    Dette var også brødet som prestane åt. Og sidan både prestane og Gud tok del i dette, er det ikkje usannsynleg at dette vart gjort nettopp for å oppretthalde kommunionen med Gud på ein konkret, fullstendig (og ikkje berre “åndeleg”) måte. Ved å ete brødet, så blir det sakrale, det guddomlege, inkorporert i kroppen (3Mos 6:7-11). Sjå tittelen på doktorgradsavhandlionga.

    Dette kan ein også sjå i kombinasjon med ein svært interessant tekst frå 2. Mosebok, der Moses, Aron, Nadab Abihu og sytti av dei eldste i Israel fekk vere i Guds nærver utan å bøte med livet:

    Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk. (2Mos 24:9-11, utheving gjort av meg)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s