“The Devil made me do it”

For ei tid tilbake var eg i ein diskusjon med nokre andre kristne vener, då ein av dei kom med påstanden at det var djevelen som hadde skuld i at vi synda. Sjølv sa eg med ein gong at dette var feil, då det er vi som har skuld i vår eigen synd. Han sa at djevelen trekker og lokker, og dette trur eg han har rett i. Men når alt kjem til alt, så er det den som gjev etter for freistingane som har skuld i synda. Vi kan ikkje seie “The Devil made me do it,” like lite som vi har rett til å seie at “fylla har skylda.”

Det synet som kom fram i diskusjonen (frå min kristne ven) var, utan at han ordla seg akkurat slik,[1] at synd og vondskap ikkje kan eksistere utan djevelen. Eg meiner dette er feil, og at synd og vondskap ikkje er eit spørsmål om djevelen, men om vår hug, vår vilje.

Josva (og Moses) sa ikkje “pass dykk for djevelen,” men gav menneska valet mellom død og liv. Det er vi menneske som har valet, vi blir ikkje “styrt” av Djevelen. Det betyr sjølvsagt ikkje at han ikkje eksisterer eller at han ikkje kan freiste, men at det ikkje er han som “styrer” oss til å gjere det vonde. Nei, det vi må ta for oss er hjarta, vår frie vilje. “Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,” skriv Salomo, “for livet går ut frå det.” (Ord 4:23)

Enkelte meiner at utan djevelen, ingen vondskap. Men eg trur ikkje det stemmer. Mennesket har fri vilje, og mennesket kunne bestemt seg for å fylgje sine eigne interesser og sin eigen vilje, “kjøtet,”[2] istaden for å fylgje Gud.

Noter/referansar:

1. Enkelte kan sikkert seie at eg difor ikkje bør skrive dette, fordi det ikkje nødvendigvis er slik at han meinte dette. Og at eg difor driv med stråmannargumentasjon. Og det kan kanskje stemme. Men eg skriv ikkje hovudsakleg om han, men om den logiske konsekvensen av dette. For å sitere Morten Magelsen:

[I]ngen eier et etisk prinsipp eller en teori i den forstand at det er opp til ham selv å bestemme hvilke konsekvenser det skal få. (…) Det er logikken, ikke viljen, som avgjør hva som kan utledes fra etiske prinsipper.

2. Med “kjøtet” meiner ikkje Paulus kroppen, men heile mennesket fokusert på seg sjølv, og ikkje Den andre, for å låne eit uttrykk frå Levinas. Med “Anden” meiner han at mennesket er fokusert på Gud, på sanninga, på Den andre. “Dei som lever slik kjøtet vil,” skriv Paulus, “traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever etter Anden, traktar etter det som høyrer Anden til. For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.” (Rom 8:5f, NT05)

One comment on ““The Devil made me do it”

  1. Øyvind says:

    Nå har vel strengt tatt Moses og hans like ikke muligheten til å gi mennesket valget mellom liv og død, selv i din fanatiske tro må du vel tillegge den æren en annen.

    Men ja, forbausende åpenhjertig av en kristen å ta på seg ansvar for egen synd.

    Heldigvis har de fleste moderne mennesker bestemt seg for å følge sine egne interesser og sin egen vilje, “kjøttet,” istedet for å følge en hyklersk, selvmotsigende og megaloman gud.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s