Samvitet

Ifylgje Thomas Aquinas er menneskesjela “femdelt,” dvs. at den har fem evner eller krefter. Delar av desse evnene deler han med dyr og plantar (og kanskje bakterieorganismar og slikt). Evnene er (i) fornuft (ratio, intellectus), (ii) vilje (voluntas, appetitus rationalis), (iii) evne til sansing/persepsjon, (iv) instinkt; sensitiv strebeevne (appetitus sensitivius), og (v) drifter naturleg strebeevne (appetitus naturalis.) Nr. 3-5 deler mennesket med dyr, den siste deler både menneske og dyr med plantane.

For Aquinas er alle menneskelege handlingar eit samspel mellom fornuft og vilje. Fornufta erkjenner noko, og viljen utøver på bakgrunn av dette. Ein kan sjølvsagt nekte å utføre, viljen er fri. Det eg no vil ta for meg, er samvitet, og kva rolle det har i etikken og i det moralske livet.[1]

For Aquinas er fornufta todelt. Han deler mellom den spekulative (eller teoretiske) fornufta og den praktiske fornufta. Og innanfor desse deler han igjen mellom intelllectus og ratio, mellom intellekt og fornuft. Ordboka Dictionary.com definerer fornuft (“Reason”) som “evnen til å tilegne seg intellektuell kunnskap, anten ved direkte forståing av primære prinsipp eller ved argumentasjon.” Innanfor den spekulative fornufta handlar dette om (i) den direkte intuitive forståinga av primærprinsippa, slik som den logiske motseiingslova. Innanfor den praktiske fornufta gjeld dette (i) den direkte forståinga av naturlova (du skal ikkje drepe, etc.) og (ii) for praktiske fornuftsbruk. Dette kaller han for synderesis og conscientia.

I artikkelen “The Natural, the Connatural, and the Unnatural” (fotnote 4) skriv J. Budziszewski, ein katolsk forfattar og professor, at

[s]ynderesis, or deep conscience, is the natural habit of knowing the first principles of practical reason; conscientia, or surface conscience, is the act of applying such knowledge to particular instances. Though surface conscience can err in particular cases, deep conscience is ineradicable and indefectible.

Wikipedia forklarar vidare at i skolastisk filosofi så er synderesis “the natural capacity or disposition (habitus) of the practical reason to apprehend intuitively the universal first principles of human action.”

Synderesis er den intuitive kunnskapen vi har om naturlova, slik som at vi ikkje skal gjere vondt, men godt, at vi ikkje skal drepe uskuldige, at vi skal handle rettferdig, etc. Conscientia er fornufta, det er den praktiske bruken av den kunnskapen vi har. Denne kan feile, ikkje fordi vi ikkje veit, men ofte på grunn av viljen. I fylgje bloggen Brain Cramps for God set J. Budziszewski opp hovudsakleg ni grunnar til at folk ikkje fylgjer det djupe samvitet (eg omset ikkje):

  1. insufficient experience: we do not know enough to reach sound conclusions;
  2. insufficient skill: we haven’t learned the art of reasoning well;
  3. sloth: we are too lazy to reason;
  4. corrupt custom: it hasn’t occurred to us to reason;
  5. passion: we are distracted by strong feeling from reasoning carefully;
  6. fear: we are afraid to reason because we might find out we are wrong;
  7. wishful thinking: we include in our reasoning what we are willing to notice;
  8. depraved ideology: we interpret known principles crookedly; and
  9. malice: we refuse to reason because we are determined to do what we want.

Eg skriv ikkje meir no, men opnar for diskusjon.

Noter/referansar:

1. Eg skil heilt bevisst mellom etikk og moral, med bakgrunn i deira etymologiske grunnmeining. Kjell Eyvind Johansen og Arne Johan Vetlesen skriv at

[o]rdet «etikk» stammer fra det greske ordet ethos, som betyr holdning eller karakter, mens «moral» stammer fra det latinske ordet mos, som betyr sed eller skikk. Ut fra ordhistorien (etymologien) skulle altså etikken ha å gjøre med spørsmålet om hvilke individuelle holdninger vi bør ha, mens moralen mer skulle rette seg mot de mellommenneskelige og sosiale normer.
Johansen og Vetlesen, Innføring i etikk (Oslo: Universitetsforlaget, 2003), s. 108

One comment on “Samvitet

  1. Morten M. says:

    Les også Budziszewskis Revenge of conscience”, som er en bearbeiding av et av kapitlene fra denne boka.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s