Arnfinn Haram om å sjå Guds nærver i menneska

Når såg du sist på eit menneske og tenkte: Her ser eg eit bilete av Gud? Vi lever i ei tid der vårt bilete av mennesket er svært fordunkla — av ideologisert utviklingslære, av materialistiske filosofiar, av sekulariserte psykodisiplinar og av vår eiga egoisme, ikkje minst. Vi vassar i medmenneske som vi anten reduserer til nyttige reidskapar for vår eiga lukke eller overser, foraktar eller hatar fordi dei har gjort noko kritikkverdig eller rett og slett er usympatiske og uinteressante. Som kristne skulle vi istaden sjå på vårt menneskelege samfunn som ein ikonostas; ein biletvegg der noko av den guddomelege røyndomen strålar mot oss. Bak det minste menneske står den Allmektige som verje, som skapar. som opphavsmann. Kvart menneske er hans augnestein, kvar levande sjel var verdt hans blod. Og nettopp når vi ser mennesket på sitt mest fornedra og forkrøpla, nettopp då treng vi eit syn som ser den guddomelege signaturen. Eit slikt syn, eit slikt blikk på mennesket fører oss nærare mennesket — og nærare Gud. “Eg møter Gud når eg er på fjelltur,” seier mange. Eg spør: Kva med ein bytur…?

Kjelde:
Arnfinn Haram, “Å leve i medvit om Guds nærver.” Arken-hefte, nr. 1 (ny serie). Classica Forlag 1993, s. 4

PS! For å lese meir om kva ein ikonostas er, les her. Eller søk i Google sin biletfunksjon på ordet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s