Re: Predestinasjon

For ei tid tilbake posta eg nokre tankar omkring predestinasjon og predeterminasjon. Eg vil no bygge litt vidare på det, skrive ned nokre tankar.

Predestinasjon er ikkje det same som predeterminasjon.

Det går eit fly (Norwegian) frå Bergen til Oslo på onsdag (8.08.07) kl. 14.10. Dette skal vere framme på Gardermoen kl. 15.00. På engelsk kan vi seie at “the plane is destined to be in Oslo around 3 PM.” Men vi kan ikkje seie at flyet er “determined to be in Olso at 3 PM.” Det kan skje mykje rart.

Poenget er at medan det fyrste konseptet, predestinasjon, som vi finn i Bibelen, ikkje nødvendigvis fortel noko om kor vi vil ende opp, så fortel det andre konseptet, predeterminasjon, nettopp det. Og dette er ikkje eit bibelsk, eller kristent, konsept.

Vi kan seie at Gud har predestinert alle til frelse, vi er “på førehand sett til å bli forma etter biletet av [Guds Son].” (Rom 8:29, NT05) Dette konseptet får fram at Gud vil at alle skal bli frelst, men at Han gjev folk valet å ikkje ta imot, medan predeterminasjon (som er eit passande uttrykk for den kalvinske posisjonen) ikkje lar våre val ha noko å seie.

Men dette er ein absurd posisjon. I Bibelen blir vi ofte utfordra på å ta val, vi blir oppfordra til å bruke viljen vår. Kvifor skulle vi gjort det, dersom alt er predeterminert? Og eit viktig konsept i frelsa er kjærleik. Men kjærleik er noko som er fritt, og det er ein funksjon av viljen.

Altså, eg har ikkje noko problem med predestinasjon, men predeterminasjon har eg større problem med.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s