Maria Møy si opptaking i himmelen

I morgon er dagen for Maria Møy si opptaking i himmelen, men eg vel å poste dette innlegget no, klokka 18.00, slik at det kjem omtrent på same tid som vigilien, og fordi ifylgje jødisk og kristen tradisjon så startar dagen eigentleg dagen før, klokka 18.00.

Eg skal ikkje poste noko langt, men vil berre sitere nokre bibelvers i språkdrakta til Bibelselskapets nynorske omsetjing av 1978/85 (GT) og 2005 (NT):

Salme 132:7-8: Kom, lat oss gå til Herrens bustad
og kasta oss ned for hans fotskammel!
Reis deg, Herre, og kom til den stad
der du slår deg til ro,
du og ditt veldes kiste
.

Op 11:19a.12:1-2: Då vart Guds tempel i himmelen opna, og paktkista hans vart synleg inne i tempelet… Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.

Luk 1:46-55: Då sa Maria: “Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar. For han har sett til si ringe tenestekvinne. Og sjå, frå no av skal alle ætter prisa meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn. Frå ætt til ætt varer hans miskunn for dei som ottast han. Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet. Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge. Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg. Han tok seg av Israel, sin tenar, og kom i hug si miskunn slik han lova våre fedrar, Abraham og hans ætt, til evig tid.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s