“Sæl er den som er heil i si ferd”

Eit grunnlag for kristen etikk

I denne teksten vil eg ta utgangspunkt i ein bibelstad, og ut frå den finne eit grunnlag for kristen etikk og moral. Bibelstaden er Salme 119:1-3, og der står det nokre gode visdomsord om mennesket:

Sæl er den som er heil i si ferd og fylgjer Herrens lov. Sæle er dei som held hans lovbod og søkjer han av heile sitt hjarta, dei som ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar.

For å forstå denne teksten, så må vi definere kva vi meiner med ”heil i si ferd,” ”Herrens lov” og ”av heile sitt hjarta.” La oss definere desse.

Heil i si ferd. Eg trur at om ein mann er ”heil i si ferd,” så vil det seie at han har integritet. Dette har eg funne støtte til mellom anna i den rabbinske omsetjinga JPS, utgjeve av Jewish Publication Society. I Salme 119:1 står det der: ”Happy are they that are upright in the way, who walk in the law of the LORD.” Vidare finn ein Salme 37:37. På norsk står det (mi utheving): ”Gjev akt på den som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid for fredsæl mann.” (mi utheving) I JPS står det (mi utheving): ”Mark the man of integrity, and behold the upright; for there is a future for the man of peace.”

Herrens lov. Kva er Herrens lov? Dette er eit interessant spørsmål, og det er mange som har vore ueinige her. Eg vil her tolke dette gjennom den kristne tradisjon, med utgangspunkt i Paulus, Rom 10:4: ”For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig for Gud.” I kristen tru snakkar vi altså om at Kristus er ”endepunktet for lova,” og at vi gjennom Han er frigjort frå den. Difor trur eg at uttrykket ”Herrens lov” viser til det ein (spesielt) i vestleg filosofi kaller for ”naturlova,” eller ”den moralske naturlova.” Det kan også vere av interesse å vise at lova hadde 613 bod; 365 forbod, eit for kvar dag, og 248 påbod, eit for kvar knokkel. Difor omfatta lova, som ein teolog sa det, heile livet og heile mennesket.

Men vart ikkje lova skrive av og for jødar? Kan vi då seie at salmisten — ein jøde som levde lenge før ”endepunktet for lova” — bruker ”Herrens lov” i ein naturlov-kontekst? Eg trur at teksten — som eg meiner er inspirert av Gud — kan forståast slik i lys av Kristus. Paulus snakkar om ei slik naturlov i brevet til Romarane: ”For når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten skuldar dei eller forsvarar dei.” (Rom 2:14f)

Eg kan også nemne at for Thomas Aquinas så er naturlova ein mindre del av den evige lova, Herrens lov. Han skriv mellom anna at “til den naturlege lov høyrer alt mennesket har ein naturleg tendens til: ein av desse ting er å handle i samsvar med fornufta.” (Summa Theologiae (ST) 1a2ae 94,4)[1] Og han meiner også at natutlova rett og slett er ein rasjonell skapning si deltaking i den evige lova.

Av heile sitt hjarta. Her vil eg vere heilt kort. Eg trur at uttrykket ”av heile sitt hjarta” betyr heile mennesket. Men her må ein definere kva ein meiner. Både i GT og NT (spesielt ved Paulus) er det stor fokus på at mennesket er ei integrert psykosomatisk eining, men at mennesket er skapt til å leve fornuftig. Det betyr at mennesket er eit “rasjonelt dyr,” for å bruke eit aristotelisk uttrykk.[2]

Det vi no har komme fram til, og som kan vere eit godt grunnlag for (kristen) etikk og moral, er at eit godt og sælt,[3] menneske — som vi les om i Salme 119:1-3 — er ein person som har integritet, som lever etter naturlova, og som gjer dette av heile seg, ”av heile sitt hjarta.”

Noter/referansar:

1. Thomas Aquinas, Om loven, Guds attributter, tro og viten og kjønnslivet i paradiset. Oversettelse, innledning og kommentar ved Knut Erik Tranøy (Oslo: Pax, 1967), s. 109 (omsett til nynorsk)

2. I “”The Problem of the Soul in Aristotle’s De anima (pdf-fil) argumenterer Marian Hillar at det ikkje er noko stor forskjell mellom det gammaltestamentlege og aristoteliske synet på sjela. Det står om dette under delen “Hebrew and Biblical Doctrine” (s. 2-4, spesielt s. 3)

3. Her vil eg anbefale å høyre dette foredraget av Dr. Peter Kreeft, “Christ’s Concept of Happiness vs The World’s.”

One comment on ““Sæl er den som er heil i si ferd”

  1. Eg kan også nemne at Aquinas set eit “skilje” mellom to “område” i fornufta; (i) den teoretiske/spekulative fornufta, som mellom anna driv med vitskapleg erkjenning, og (ii) den praktiske fornufta, som har å gjere med menneskelege handlingar. Han meiner også at det er to nivå i fornufta; (i) “rasjonell intuisjon,” ei ummiddelber erkjenning, og (ii) gjennomtenking (han kaller desse for intellectus og ratio.) Innanfor den praktiske fornufta meine Aquinas at samvitet hadde to nivå; synderesis og conscientia. Og om synderesis skriv han:

    Synderesis blir kalla forstandens lov fordi den er ein disposisjon som inneheld dei av den naturlege lova sine bod som er dei menneskelege handlingane sine fyrste grunnprinsipp.”

    (ST 1a2ae 94,1, ad3. Tranøy 1967, s. 102, oms. til nynorsk)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s