Left Behind?

Eg har ikkje brydd meg noko spesielt med den såkalla “Left Behind”-teologien (heretter: LBT),1 men eg synst at det er på tide å seie litt om den.

Eg har eit par problem med denne læra. Eg vil ta for meg nokre problem med dette, i i sju (åtte) punkt;

1. Nokre av fruktene bak teologien
2. Tidspunktet som teologien oppstod
3. Amillenialisme
4. Opprykking etter trenglsa
5. Ikkje-lineær historieskriving
6. Nokre bibelstader
7. Liturgi og gudsteneste
Kort konklusjon

konklusjon
1. Nokre av fruktene bak teologien

Det fyrste eg vil påpeike, er ei av fruktene bak denne teologien, spelet Left Behind: Eternal Forces. Dette har eg allereie skrive om, og det er noko av det sjukaste eg har vore borti frå fundamentalistisk kristendom.

Eit anna problem med dette teologien er den “redd seg sjølv”-mentaliteten som ligg bak. Det er ikkje så viktig kva som skjer med andre, så lenge du har “sikra deg plass” før. Dette meiner eg i seg sjølv er ukristeleg.

2. Tidspunktet som teologien oppstod

Denne læra er det vi med rette kan kalle “nymotens.” Det vart ikkje lært bort (i den form vi kjenner det, i alle fall) før på 1800-talet med John Darby og the Plymouth Brethren. Rart at dei berre brått “oppdaga” noko som hadde gått alle kristne før dei hus forbi (eg tar opp det dei oppdaga i punkt 6.) Bibelen seier sjølv at den ikkje er den endelege autoritet på kristen lære, men peiker på kyrkja. Paulus skriv. “Dette skriv eg til deg, endå eg håpar å koma til deg om ikkje så lenge. Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.” (1Tim 3:14f, mi utheving)2 Og kvifor finn vi då ikkje noko om dette hjå tidlege kristne? Kvifor skal vi brått tru på dette på 1800-talet?

3. Amillenialisme

Eg er nok det ein kan kalle for ein amillenialist, dvs. at eg trur at dei tusen åra som er beskrive i Johannes’s Openberring er symbolsk å forstå — det betyr rett og slett svært lenge, mest sannsynleg evig. Eg trur også at vi godt kan bruke uttrykket rapture, men i sin leksikalske meining. Grunndefinisjonen er “ecstatic joy or delight; joyful ecstasy” eller “[t]he state of being transported by a lofty emotion; ecstasy.” Altså kunne ein (på bokmål) seie at vi blir “henrykt.” Og dette trur eg vi kan ha del i allereie no, noko som det finst godt bibelsk grunnlag for, mellom anna i Efesarbrevet 2. I fyrstnemnde står det at Gud gjorde “oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.” (Ef 2:5-7) Vi er altså allereie sett i himmelen med Kristus. Dette finn vi også grunnlag for i Luk 17, der Kristus seier:

Guds rike kjem ikkje på den måten at ein kan sjå det med augo. De skal heller ikkje seia: Sjå her eller der er det. For sjå, Guds rike er inni dykk. (Luk 17:20f, mi utheving)3

Eg vil også sjå litt på Matt 24:26-27. Der står det:

Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje. Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

Uttrykket som her blir omsett med “lyn,” astrape, blir i Luk 11:36 omsett med lys: “Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.” Vidare det som blir omsett med “når Menneskesonen kjem” omsetjast slik “ved Menneskesonens tilsynekomst.”

Dersom vi justerer for dette, så kan Matt 24:27 omsetjast slik: “Som når lyset (astrape) går ut frå aust og lyser (phanetai) like til vest, slik skal det vera ved Menneskesonens tilsynekomst (parousia).”

Når ein justerer for slike ting, så blir fokuset flytta frå Kristi plutselege tilbakekomst, til den gradvise openberring i dei kristne, ved heilaggjeringa, som ein soloppgang. Det er delvis på bakgrunn av dette at eg meiner at LBT er feil. Læra om bortrykkinga vart jo heller ikkje “almennkjend” før på 1800-talet.

Kva viss Jesu tilsynekomst heller er ei verdsvid manifestasjon av han gjennom Kyrkja, det seg vere katolikkar, lutheranarar, baptistar, karismatikarar, etc? At Kyrkja i sanning manifesterer seg som det sakrament som skal huse ein frelst menneskeskare?

Eg seier ikkje at Kristus ikkje skal komme att, men at det er eit dobbel nivå her. Som eg påpeika oppfor, så er vi allereie sett i himmelen med Kristus (Ef 2:8.) Er vi “bokstavleg” saman med Kristus i himmelen no? Nei, det er vi ikkje. Desse bibelstadane viser til vår tilstand no, ein tilstand der vi er “løfta opp” i foreining med Kristus. Vi får “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4) gjennom Kristi verk, og ved Den Heilage Ande, her og no, ikkje utelukkande i framtida. Eit døme kan vere uttrykket “å vere i den sjuande himmel.” Det er eit biletleg uttrykk, ikkje ei kjennsgjerning. Det beskriv ei sjeleleg tilstand!Denne sjelelege tilstand er foreining med Gud. Målet for det kristne liv er å få dette — heilaggjeringa.

Eg trur at Kristus kjem til å komme tilbake, men eg trur også at vi kan sjå dette gradvis i kristne, gjennom theosis.

4. Opprykking etter trenglsa

Eg trur at om det er ei opprykking av kristne, så skjer dette etter den store trengsla. Kvifor skal vi sleppe unna trengsla? Har ikkje Kristus sagt at vi skal ha trengsle? At vi skal bli forfølgde?

5. Ikkje-lineær historieskriving

Slik eg les Johannes’ Openberring, så ser det ikkje ut til å vere noko lineær historieskriving. Ting hoppar fram og tilbake; vi er vitne til ting som allereie har skjedd (mellom anna Kristi fødsel og djevelens fall frå himmelen) og ting som skal skje. Eg trur at dette delvis er fordi at vi ikkje skal spekulere for mykje, og for at vi ikkje skal vere så skråsikre i våre “utrekningar.” Kristus seier jo sjølv at vi ikkje veit dette, at berre Faderen kjenner til det, og vi ser nokre av fruktene i Jehovas Vitner.

6. Nokre bibelstader

Eg vil her sjå på fire bibelstader, der dei to fyrste blir brukt flittig av folk som forsvarer LBT. Dei to fyrste seier:

“Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.” (Matt 24:37-41)

“Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn. For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp. Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.” (1Tess 4:15-17)

Teksten frå Matteus er vel den teksten som er mest misforstått innanfor LBT. Fyrst samanliknar Kristus endetida med Noahs dagar, der Noah om familien vart att, medan dei ugudelege vart tatt bort. Kvifor skulle han då brått snu om i neste setning? Det kjem klart fram av konteksten at den som vert “rykt bort” ikkje er dei frelse, men dei fortapte. Altså er det ikkje snakk om noko “opprykking” til himmelen i Matt 24, men ei borttaking.

Teksten frå 1Tess er endå meir interessant. Den kan sjølvsagt tolkast på fleire måtar, men eg vel å halde meg til den tolkinga som vart hald fast på av dei tidlege kristne — nemleg at dette er eit bilete på at vi tar imot Kristus med glede. I den historiske konteksten brevet er skrive i, så var det svært vanleg at dersom ein sigrande konge kom tilbake så ville folk (dei som var glad at han var tilbake) gå ut av byen og møte han, for så å gå inn i prosesjon saman med han. Dette er ikkje uvanleg i våre dagar heller. Folk møter opp når kongar og presidentar kjem heim med fly, og folk kjem sine kjære imøte når dei kjem tilbake frå ein lengre tur. Det er slik eg trur vi må tolke teksten.

Vidare så knuser denne teksten tanken om ei opprykking før trengsla, som dannar grunnlaget for LBT. For det står at “dei døde i Kristus skal først stå opp.” Men kortid skal dei stå opp? Jo, her kjem den tredje teksten inn, Joh 6.

For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg. Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen… Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen (Joh 6:38-40.44, mine uthevingar)

Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. (Joh 6:53-55, mi utheving)

Altså skal dei “døde i Kristus” reisast opp på den siste dagen, og dei er dei fyrste som skal rykkast opp.

7. Liturgi og gudsteneste

Dei tidlege kristne forstod at Johannes’ Openberring inneheld ting om dei siste tidene. Men for dei var dette hovudsakleg eit liturgisk dokument. Eg har allereie skrive litt om dette, og vil sitere eit utdrag frå den posten:

Eg trur at Openberringsboka hovudsakleg er eit liturgisk verk — og at liturgien handlar om å leve for Kristus. Ja, boka fortel mykje om ting som har skjedd, som skjer og som skal skje. Men boka er hovudsakleg eit liturgisk dokument. La oss lese… Op 5:11-14:

Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste — det var ein uendeleg flokk, i titusental. Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia: Han som sit på trona, han og Lammet vere takk og ære, pris og makt i all æve. Dei fire skapningane svara: “Amen.” Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

(…)

Johannes gjorde ei slags “himmelreise” — [han] skuer inn i ein annan røyndom, og den blir formidla tilbake til oss med ord. Vi finn dette igjen i nattverdsliturgien, mellom anna i DNK. I byrjinga ber presten:

Liturgen: Herren vere med dykk.
Kyrkjelyden: Og med deg vere Herren.
Liturgen: Lyft dykkar hjarto.
Kyrkjelyden: Vi lyfter våre hjarto til Herren.

Her ber presten oss rett og slett om å ta ei himmelreise — og vi svarer bekreftande på det. Deretter messer presten ei lang, vakker bøn, og ber oss om å ta del i englesongen:

Liturgen: …Ved han lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar ditt namn med samrøysta jubel. Med dei vil vi også blanda våre røyster og tilbedande syngja.
Kyrkjelyden: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.

Kvifor tar eg fram dette i dag? Jo, fordi det er det vi gjer i liturgien — vår lovsong, vår hyllest til Kristus — er nettopp å fylgje Kristus. Grunnen til at apostlane vart piska, til at folk blir forfylgd den dag i dag, er fordi ein vedkjenner at Kristus er Gud, og at vi tilbed Lammet som vart slakta frå verda vart grunnlagd (Op 13:8).

Kort konklusjon

Eg vil kort konkludere at LBT fell både basert på Bibelen og på Kyrkja sin Tradisjon. Difor vil eg avslutte dette rett og slett ved å sitere konklusjonen frå artikkelen “Is the Pretribulation Rapture Theory Biblical?” som er skrive av Brian M. Schwertley:

Although the pretribulation rapture theory is very popular today, given arguments that are offered in support of this doctrine we must declare Pretribulationalism to be contrary to the clear teachings of Scripture. Simply put, there is not one shred of evidence that can be found in the Bible to support the pretribulation rapture. The typical Pretribulational arguments offered reveal a pattern: of imposing one’s presuppositions onto a text without any exegetical justification whatsoever; of finding subtle meaning between words and/or phrases that were never intended by the author; of spiritualizing or ignoring passages that contradict the Pretribulational paradigm; and, of imposing Pretribulationalism upon passages that actually teach the unity of the eschatological complex (i.e., the rapture, second coming, general resurrection, and general judgment all occur on the same day—the day of the Lord). It is our hope and prayer that professing Christians would cast off this escapist fantasy and return to the task of personal sanctification and godly dominion.

Noter & referansar

1. Det er vel strengt tatt ikkje heilt korrekt å kalle dette for “Left Behind”-teologien, men eg bruker dette uttrykket fordi mange kjenner til dette hovudsakleg gjennom bokserien Left Behind.

2. Dersom anna ikkje blir nemnt, så er alle skriftreferansar til Bibelselskapet sine utgåver av 1978/85 (protestantisk GT), 1988 (Dei deuterokanoniske bøkene) og 2005 (NT.)

3. Frå Norsk Bibel si omsetjing av 1988 (nynorsk utgåve, 1994.)

3 comments on “Left Behind?

  1. Harald says:

    Dette var en konsis og god gjennomgang av et av de mer snuskete fenomenene i amerikansk kristendom… Takk skal du ha.

    Jeg har, som du, ingenting til overs for det du kaller LB-teologien. Slike premillennianistiske konstruksjoner, særlig pre-tribulation-variantene, resulterer gjerne i en slags eskapistisk holdning til det jordiske (virkelige!) livet: Man “vet” jo at en selv er med blant de utvalgte som får bli med i opprykkelsen, og de andre får klare seg som best de kan i trengslene og alt f***skapet som følger etter opprykkelsen. En del av dem har jo jammen fortjent det også, ikke sant… Og hva er vitsen med å ta vare på jorda her når den skal dras med i dragsuget sammen med Antikrist liklevel? Nei, det er som Mr. Schwertley sier; i stedet for å formane folk til å ta ansvar for verden her og nå så formaner den slags forkynnelse til virkelighetsflukt og bisarr sammenpusling av totalt løsrevne bibelsitater. Fysj.

    …og tenk på all den angsten denne teologien sprer med sine påstander om at piloter kommer til å bli rykket bort midt under kommersielle flygninger og la passasjerene sitte igjen.

    Men, uansett hvor snuskete dette er, det spørs om jeg ikke må lese i hvert fall deler av bokserien snart. Det er såpass mange i min omgangskrets som har snust på dem at jeg nesten bør vite hva som egentlig står der… Men det dataspillet skal aldri finne veien til min PC i alle fall.:mrgreen:

  2. Eg har sett dei to fyrste filmane, men hugsar ikkje så mykje frå dei (kanskje fordi det ikkje var så mykje nemneverdig å huske på.) Han som speler ein av hovudrollene i filmen, Kirk Cameron, står også bak nettsida The Way of the Master, saman med Ray Comfort. Den sida har sikkert mykje interessant, men eg miste interessen for sida då eg såg deira filmar om intelligent design vs. (sic) evolusjon.

  3. Jon Edwards says:

    The best book on the strange, 177-year history of the pretribulation rapture belief is historian Dave MacPherson’s bestselling book THE RAPTURE PLOT which Armageddon Books carries on the internet. His “Pretrib Rapture Diehards” on Google is a tiny summary of it. His research has been endorsed by many scholars, as evidenced by “Scholars Weigh My Research” which is found on Google. Thanks for your worthy blog. Jon

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s