Nokre tankar om søndagen

Sidan det er søndag i dag, så tenkte eg at det hadde vore fint med nokre tankar rundt søndagen sin plass i kristendommen.

Kvifor feirer vi gudsteneste kvar søndag i dei fleste kyrkjer? Enkelte (les: stort sett adventistar) meiner at det er fordi vi (les: paven) på ein eller annan måte har “flytta” sabbaten. Dette vart sjølvsagt gjort for å forfylgje dei “skikkelege kristne.”

Men med litt kunnskap om kyrkjeleg latin[1] vil fjerne grunnlaget for dette. Der kaller ein søndag for Dominica, “Herrens dag,” og laurdag for Sabbato, “Sabbat”! Grunnen til at søndagen har fått hovudplassen er at i den nye pakta så feirer vi ikkje hovudsakleg skapinga av verda, men nyskapinga som vart fullenda i Kristi oppstode frå dei døde på nettopp ein søndag.

Her vil enkelte adventistar fyrst komme med litt sprøyt om at Kristus eigentleg vart krossfrst på ein onsdag, evt. ein torsdag, og at “Herrens dag” er sabbaten. Det fyrste gidd eg ikkje gå inn på no, men eg vil gjerne sjå litt på det andre.

Uttrykket “Herrens dag” er brukt 22 gonger i Bibelen. Av desse er det berre ein tekst som kan tolkast til å handle om sabbaten. Ellers er det snakk om den siste dagen, dommedag.

Jes 13:6, 13:9; Esek 13:5, 30:3; Joel 1:15, 2:1, 2:11, 3:4, 3:19; Amos 5:18, 5:20; Obadia 1:15; Sef 1:7, 1:14; Sak 14:1; Mal 4:5; Apg 2:20; 1Kor 5:5; 1Tess 5:2; 2Tess 2:2; og 2Pet 3:10 handlar alle om dommedag. Op 1:10 kan handle om sabbaten (men Johannes var jøde, så det seier oss ikkje mykje.)

Poenget er at dommedag er Herrens dag. Kva skjer då? Jo, då skal folk vekkas opp att. “For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh 6:40) Dette knytter vi til oppstoda og Kristus som er “førstegrøda av dei som har sovna inn.” (1Kor 15:20) Og det skjedde på ein søndag.

Difor feirer vi dette på søndagen, vi feirer Kristi oppstode frå dei døde.

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever
gravi brast, og Jesus lever!

Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde.
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

— Norsk salmebok, nr. 180

Noter & referansar:

[1] Det utvikla seg etter kvart ei “kyrkjeleg dialekt” innan latin, der ein fletta inn ein del låneord frå gresk, hebraisk og arameisk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s