Korte refleksjonar rundt barnedåp og pinsekarismatisk retorikk

Vårt Land (papirutgåva) melde 1. september (s. 17) at Rolf Nygård i Filadelfia Birkeland kom med klare ord imot barnedåpen. På nettsidene til forsamlinga stod det at “[b]arnedåp er en løgn fra helvetes avgrunn med et demonisk budskap som sier at den som er barnedøpt og konfirmert og gjør så godt man kan, kommer til himmelen.” Dette modererte han etter kvart. Dei melder også at han, etterpå, har sagt at “dåpen ikke er noen garanti for å komme til himmelen, man kan godt komme til himmelen uten. Gud er kjærlig og god, og gjennom det å bli kjent med Jesus kan man komme til himmelen uten dåpen. Bare se på røveren som hang på korset ved siden av Jesus. Det er frelsen og troen som fører til himmelen, ikke tre skvetter vann på hodet.”

Nokre av det eg tar fram kort her, er meir utførleg tatt fro seg av Harald Hauge i denne artikkelen.

Ja, kor skal vi byrje? La oss, for å gjere dette meir klart, ta det punktvis:

1. Barnedåp er ikkje noko “løgn fra helvetes avgrunn.”

Med mindre Nygård meiner at kyrkja datt saman i heresi rett etter, eller midt under, det vi les om i Apostelgjerningane, så kan vi ikkje seie at barnedåp er feil. Paulus skriv at Kyrkja (og ikkje Bibelen) er “søyle og grunnvoll for sanninga.” (1Tim 3:15) Difor trur eg at dersom kyrkja praktiserte barnedåp, noko den gjorde, så kan ein ikkje seie at den er ei løgn frå helvete — og samstundes påstå at ein er kristen. Vidare er det interessant å sjå at Paulus samanliknar dåpen med omskjeringa. Omskjeringa var paktsteiknet for den gamle pakta, og vart utført på vaksne konvertittar eller born åtte dagar gamle gutar, dersom dei vart fødd inn i ein jødisk familie. Paulus seier ingenting i teksten om at dette no er endra. Vidare så samanliknar han dåpen med farten gjennom raudehavet. Men her gjekk jo alle generasjonar. Kvifor bruker dette biletet dersom barnedåp er utelate?

2. Barnedåp seier ikkje at “den som er barnedøpt og konfirmert og gjør så godt man kan, kommer til himmelen.”

Like lite som at det å vere kristen i dag er ein garanti for at du er kristen i morgon.

3. Det er for så vidt sant at ein kan komme til himmelen utan dåp.

Men det er også sant at ein lam person kan klare seg her i livet. Betyr det at vi andre skal slutte å bruke beina? Og dømet med røvaren på krossen er berre for dumt. Hadde han noko val? Trur du ikkje at han, om han hadde blitt benåde, sikkert hadde latt seg døype?

4. Det er sant at frelsa og trua fører til himmelen?

Men kva er tru? Her ligg den store forskjellen mellom luthersk, katolsk og ortodoks teologi på den eine sida, og pinsekarismatisk og baptistisk teologi på den andre. Eg ser ikkje på tru som hovudsakleg intellektuell aneerkjenning av teologiske sanningar, sjølv om det er ein viktig del, men som truskap. Og kven er det vi er tru imot? Jo, det er Kristus. Og kva sa Han? Jo, han sa: “Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.” (Joh 3:5) Og vidare: “Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” (Matt 28:19f) Og vidare: “Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.” (Mark 16:16)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s