Kristi samvit og sjølvkunnskap

Lukas 2:41-52 (NT05): Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei tilbake til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var, og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Eg har lenge fundert over denne bibelstaden, spesielt det som står heilt til slutt, i v. 52: “Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.” Spørsmålet er: Korleis kunne Kristus, som er Gud og menneske, gå fram i visdom? Eg vil her skrive ned nokre refleksjonar rundt dette:

For det fyrste så er det viktig å påpeike at når Ordet vart menneske, så tok Han opp i seg dei begresningane som dette medfører. Det kan godt hende at Kristus kunne forstå kva folk sa og gjorde frå Han vart fødd, men eg trur ikkje at Han kunne formulert det på ein måte som andre hadde forstått før han nådde eit visst punkt i si utvikling. Ein treng ein fullt ut funksjonell hjerne for å gjere dette. Eg trur at Kristus kjente seg sjølv fullt ut, men at Han ikkje kunne formulere dette på ein menneskeleg måte (språkleg) før etter ei stund. Lukas kan jo også ha snakka om korleis andre personar rundt Kristus opplevde Han — og ikkje nødvendigvis Hans eigen indre kunnskap.

For det andre så er det viktig å forstå denne teksten på bakgrunn av den kulturen den er skrive inn i. Ifølgje hebraisk/jødisk tankeliv, så når ein person den såkalle “age of reason” i tolvårsalderen (nokon seier trettenårsalderen.) Lukas kan ha brukt denne forteljinga til å poengtere at no byrja folk rundt Kristus å forstå meir om Han, og at Kristus no kom i den alderen då Han (menneskeleg og i sin konkrete kulturelle kontekst) vart ansvarleg for eigne tankar, ord og gjerningar.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s