Finn deg sjølv — gløym deg sjølv

Mandag den 24. september var eg på eit foredrag i Forum Sta. Sunniva i Sta. Sunniva Studenthjem i Bergen. Foredraget vart gitt av karmelittmunken (og presten) Johannes-Maria av Krossen,[1] og tittelen var: “Skynd deg ned … for å ikle deg Kristus.” Undertittelen var — og eg siterer her etter det eg huskar — “Menneske bli den du er: Ingenting.”

Foredraget handla om det som vi kan kalle for å “finne seg sjølv.” Men å “finne seg sjølv” er nettopp eit paradoks, og Johannes-Maria forklara dette på mange måtar, mellom anna ved å sitere Paulus og ein kvinneleg heilag som eg dessverre ikkje hugsar namnet på. Paulus skriv det slik i Gal 2:20a: “[E]g lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg.”[2] Og den “ukjente” sa at ho i ein visjon fekk sjå Gud, og at Han sa dette til henne: “Eg er den som er, du er den som ikkje er.” Dette handlar om det som vi kallar å “dø frå deg sjølv.” Det handlar om å gå inn i oss sjølve, ikkje for å drive med “sjølvhjelp,” men for å verkeleg finne ut kven og kva vi er.

På dette punktet skal vi likne Kristus, Gud inkarnert. Det er interessant å sjå at Kristus gjekk så langt ned Han kunne reint fysisk. Han vart fødd som eit lite barn. Han vart fødd i ein stall, i “matfatet” til dyra der, Han vart fødd til eit liv som skulle ende i krossdøden, og Han vart fødd i eit land som er eit av dei lågaste i verda. Dødehavet er som kjent det lågaste punktet i verda, dersom du ikkje reknar med havbotnen.

Det vi må prøve på, er å bli meir og meir lik Kristus, og bli mindre og mindre sjølvopptekne. Her har vi mykje å lære av dei små og svake i samfunnet. Johannes-Maria nemnte at det i eit bufelleskap mellom “normale” og utviklingshemma, som eg ikkje fekk med meg namnet på, etter kvart utvikla seg eit spørsmål om kven som eigentleg er utviklingshemma. Spørsmålet er; Kva er verst: Å vere fysisk eller åndeleg utviklingshemma?

Vi kan også lære mykje av døyparen Johannes. Kristus kalla Johannes for den største i himmelriket, men ikkje fordi han prøvde å gjere seg stor, men fordi han gav avkall på sitt eige for Guds skuld. Og Johannes sa det slik om sitt forhold til Kristus: “Han skal veksa, eg skal minka.” (Joh 3:30)

Kristus sa: “Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.” (Joh 15:5) Dette er ikkje noko negativt, det viser oss at sjølv om vi ikkje klarar å nå opp sjølv, så står Kristus parat for å hjelpe oss. Men vi må oppdage at vi faktisk ikkje er noko, at “alt er nåde” for å parafrasere Mor Teresa. Vi må, som den bortkomne sonen, gå i oss sjølve (Luk 15:17), og — ved Heilagandens hjelp — vende tilbake til Faderen, konvertere.

Vi må sjå kor fattige vi eigentleg er, vi må forstå at det som verkeleg betyr noko ikkje er å vere rik på pengar og ting, men å vere rik på Gud. Vi må reinse hjarta vårt i Kristus. “For der skatten din er, vil hjarta ditt òg vera.” (Matt 6:21) “Sæle dei reine i hjarta, dei skal sjå Gud.” (Matt 5:8) Den bøna vi bør be, er difor desse enkle orda som vi finn mot slutten av Johannes’ Openberring: “Amen, ja kom, Herre Jesus!” (Op 22:20b, 1938-utg.)

Noter & referansar:

[1] Eg er usikker på kva hans “sekulære namn” er for noko, men han er norsk og har bakgrunn som lækjar i psykriatrien her i Noreg. Han har no vore ti år i eit karmelittkloster i Skåne i Sverige.

[2] Dersom anna ikkje vert nemnt, så er alle bibelreferansar frå Bibelselskapet sine utgåver av 1978/85 (GT) og 2005 (NT.) Men eg har tatt meg den fridom å endre på eit par ord i 2005-utgåva, mellom anna “hos” (som eg omsett til “hjå”) og “hjartet” (som eg omsett til “hjarta.”) Det fyrste ordet er ikkje nynorsk, men “samnorsk” (kva no enn det er for noko.) Det andre ordet er heller ikkje nynorsk, men verkar som ein bokmålsperson som skal skrive nynorsk. Eg kan kort nemne at eg i ein reklame for nokre år sidan las at eg med ein eller annan kjøkkenting skulle få det enklare i “heimet.”

Leave a comment