Fridom

I ein diskusjon var det ein som spurde om Paulus hadde fri vilje i sin konversjon til Kristus. “Opererte Paulus ut frå sin egen frie vilje, eller var han berre ein beholdar for Guds nåde?” Ein av personane i diskusjonen svara fyrste berre “ja,” men forklara etterpå at det ikkje er noko anten/eller-situasjon. Vi har fri vilje og vi har nåde.

Eg vil her forklare litt kva eg ser på som forhooldet mellom desse. Eg har allereie skrive ein tekst om den frie viljen, sett frå ein thomistisk ståstad, men eg vil skrive litt til.

Spørsmålet ligg i kva vi meiner med vilje. I læreboka for filosofi i den vidaregåande skulen står det om det som visstnok skal vere eit problem for den frie viljen.

Somme filosofar har … argumentert for at mennesket ikkje har nokon fri vilje. Vi innbiller oss at vi har ein fri vilje, men det ber ein illusjon. Når eg vel å ete, er det fordi hjernen min har fått impulsar om at eg har behov for mat. Ser vi det slik, er valet mitt ikkje fritt, det er årsaksbunde.[1]

Med eit så rigid syn på fridom, er ingenting fritt. Men kva meiner vi med fri vilje? Som eg påpeika i den førre posten min om fri vilje, så skal motivet for handlinga ligge hjå den handlande, og ikkje utanfor. Og dette er viktig. For når eg bestemmer meg for å ete — noko som kan skje både før og etter kroppen min “gjev beskjed” — så er dette noko som har grunnlag i meg sjølv, og ikkje i ei ytre kraft. Vi må sjå på mennesket, både kropp og sjel, som ein entitet. Det er ikkje slik at vi har ein tingg kalla “viljen” som flyt rundt “inne” i oss, men vi identifiserer at vi kan ville noko.

Om det er årsaksbunde kan godt stemme, men årsakarekkja har grunnlag i meg sjølv. Vidare er det viktig å påpeike at den øvste sjelsevnen i mennesket er intellektet, så viljen vil alltid operere med utgangspunkt i vår kunnskap. Så blir spørsmålet; kva er nåden? Er nåden berre det vi på engelsk kallar “mercy” eller er den meir. Slik eg ser det, så gjev nåden oss også ny kunnskap, og difor vil viljen handle ut frå denne nye kunnskapen. Her kan det vere på sin plass å sitere litt frå den katolske kyrkja si katekisme:

1730. Gud skapte mennesket utrustet med fornuft og gav det verdighet som en person, i stand til selv å handle og styre sine handlinger. “For Gud har villet “overlate mennesket til dets egne beslutninger” (Sir 15, 14), så det av egen drift søker sin Skaper og, ved fritt å hengi seg til Ham, når frem til den saliggjørende fullkommenhet”:[42]

Mennesket er fornuftig og derved lik Gud; det er skapt fritt og herre over sine handlinger.[43]

1731. Frihet er evne, grunnfestet i fornuft og vilje, til å handle eller ikke handle, til å gjøre dette eller noe annet, og slik foreta overlagte handlinger ut fra seg selv. I kraft av den frie vilje er hver enkelt herre over seg selv. Frihet er i mennesket en kraft til vekst og modning i sannhet og godhet. Friheten når fullkommenhet når den er rettet mot Gud, vår salighet, som mål.

Noter & referansar:

[1] Birkeland, Bomann-Larsen & Jor, Filosofi: Eit første møte (Oslo: Gyldendal, 2000), s. 116 [ISBN: 8205262535]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s