Gud, rørsle, omgrepsrealisme og nominalisme

I mellomalderen gjekk det i lang tid ein diskusjon som har fått navnet “universaliestrida.”[1] Spørsmålet som ein diskuterte er om det allmenne eksisterer i seg sjølv eller om dei berre er namn vi bruker. Striden handlar om forholdet mellom språket og det verkelege, om forholdet mellom det einskilde (lat. partikularia) og det allmenne (lat. universalia.) Det einskilde er konkrete ting, medan det allmenne er det som gjeld for alle ting som er av same type, same slag.

I denne striden var det hovudsakleg to sider; omgrepsrealistane og nominalistane. Sistnemnde påstod at det allmenne berre er namn som vi set på visse eigenskapar som har likskapstrekk. Men omgrepsrealistane meiner at det allmenne har ei reell eksistens. Dei meiner at ord som “menneskenaturen” og “synd” har ei reell eksistens.

For å få eit bakteppe for dette, så vil eg fyrst sjå litt på Thomas Aquinas sin “fyrste veg” for å argumentere for Guds eksistens.

Mange eg har diskutert med trur at då Aquinas brukte uttrykket motus, “rørsle” (på engelsk omsett til motion), så snakka han om lokal fysisk rørsle. Aquinas brukte uttrykket i sin “fyrste veg” for å vise rasjonelle argument for Guds eksistens. Men Aquinas snakka ikkje om lokal rørsle (engelsk, locomotion.) Han kunne sjølvsagt bruke noko slikt som døme for å forklare kva han meinte, men det er ei anna sak.

For å forklare kva Aquinas meinte med dette, må vi sjå på to ting, hans værenshierarki og hans bruk av konsepta potens og akt (eller potensialitet og aktualitet.)

Aquinas sitt værenshieraki ser omlag slik ut:

  1. Rein akt
  2. Englar — endelege ikkje-kroppslege rasjonelle vesen
  3. Mennesket — endelege kroppslege rasjonelle vesen
  4. Dyr — endelege kroppslege sensitive vesen
  5. Plantar — endelege (ikkje-)kroppslege vegetative vesen
  6. Døde ting, inkludert fabrikerte (kunstige) ting
  7. Rein potens

Eg vil ta for meg dette litt meir nedanfor, men fyrst må vi sjå på Aquinas sitt konsept om potens og akt. Aquinas meinte at rørsle (lat. motus) er å redusere noko frå potens til akt. Når du set opp ei rekke med dominobrikker, så har dei eit potensiale til å falle ned på kvarandre for slik å skape ein effekt. Men du må fyrst skubbe den fyrste brikka slik at effekten skjer. Ein ting som er i potensialitet kan berre komme i akt (bli aktualisert) av noko som sjølv er i akt. Her er det snakk om at eg — som er i akt (rører meg) — får den fyrste brikka til å bli i akt (røre seg), og at den får den neste til å gjere det same, osv. La oss gå vidare.

Når ein ting eksisterer, har han essens og eksistens. Men ikkje-eksisterande ting, slik som einhjørningar og føniksfuglar, kan også, i vår fantasi, ha ein essens (einhjørningessens og føniksessens.) Difor meiner Aquinas at essensen står i potensialitet til eksistensen. Men før vi går vidare, må vi ha eit betre grep om kva desse uttrykka — potens og akt — eigentleg betyr. Eg lar Knut Erik Tranøy forklare dette:

Det er ikke lett å finne en adekvat oversettelse for disse to grunnbegrepene, potentia og actus. Prenter bruker uttrykkene mulighet og virkelighet, og de antyder i alle fall en meget viktig og vesentlig del av begrepsinnholdet. Jeg tror likevel det er å foretrekke å holde seg til ordene potens og akt for å unngå villedende bibetydninger som andre uttrykk kan ha. (…)

Potens og akt er to grunnleggende værens-former eller værens-måter. Thomas sier om en ting som er, at den er in potentia eller in actu. Å si at en ting er in potentia er å si at den har væren i mulighets form; å si at en ting er in actu er å si at den har væren i virkelighet; og det vil igjen si at de muligheter tingen hadde da den var in potentia, nå — da den er in actu — er aktualisert, virkeliggjort, oppfylt.[2]

Så, når ein ting eksisterar, har dens potensiale til å eksistere blitt aktualisert. Difor, dersom vi seier at rørsle er å bli redusert frå potens til akt, så inkluderer dette skaping, creatio ex hihilo — skaping ut av ingenting. Aquinas sitt værenshierarki, som eg har vist til oppfor, inkluderer ideen om ein rein potens, sjølv om dette ikkje eigentleg kan eksistere. Sjølvsagt, dersom dens eksistens (akt) ikkje er aktualisert, så kan det ikkje eksistere. Men det kan “eksistere” som ein idé i Gud. Difor kan Gud, som er rein akt — som betyr at Hans eksistens er Hans essens — få noko til å “røre seg” som ikkje eigentleg eksisterer. Han kan reduserer ein ting frå potens til akt, frå ideen i hans sinn til dnn konkrete eksisterande tingen. Med dette i bakhovudet, så vil eg sitere eit utdrag frå hans “fyrste veg,” som dessverre berre finst i engelsk omsetjing:

The first and more manifest way is the argument from motion. It is certain, and evident to our senses, that in the world some things are in motion. Now whatever is in motion is put in motion by another, for nothing can be in motion except it is in potentiality to that towards which it is in motion; whereas a thing moves inasmuch as it is in act. For motion is nothing else than the reduction of something from potentiality to actuality. But nothing can be reduced from potentiality to actuality, except by something in a state of actuality. Thus that which is actually hot, as fire, makes wood, which is potentially hot, to be actually hot, and thereby moves and changes it. Now it is not possible that the same thing should be at once in actuality and potentiality in the same respect, but only in different respects. For what is actually hot cannot simultaneously be potentially hot; but it is simultaneously potentially cold. It is therefore impossible that in the same respect and in the same way a thing should be both mover and moved, i.e. that it should move itself. Therefore, whatever is in motion must be put in motion by another. If that by which it is put in motion be itself put in motion, then this also must needs be put in motion by another, and that by another again. But this cannot go on to infinity, because then there would be no first mover, and, consequently, no other mover; seeing that subsequent movers move only inasmuch as they are put in motion by the first mover; as the staff moves only because it is put in motion by the hand. Therefore it is necessary to arrive at a first mover, put in motion by no other; and this everyone understands to be God.[3]

Tilbake til omgrepsrealismen. Den har fleire sider. Dei to vanlegaste posisjonane innan denne er det som ofte blir kalla “ekstrem omgrepsrealisme” og “moderat omgrepsrealisme.” Desse blir representert som posisjonane til høvesvis Platon og Aristoteles. Platon meinte at det allmenne har si reelle eksistens i ei salgs idealverd, ei “idéverd.” Aristoteles meinte derimot at det allmenne har si eksistens i det einskilde. Min posisjon på dette området er moderat.

Eg er ein omgrepsrealist, men eg trur ikkje at det allmenne eksisterer utanfor det einskilde. Men min posisjon heller kanskje litt mot Platon. Eg trur til dømes at at ideen menneskenatur har ein slags eksistens i Gud, at dei “eksisterer” potensielt i Gud, som er kjelda for alt. Men eg trur ikkje at det er ei slags idéverd “der ute” som innheld menneskenaturen, og at vi på ein eller annan måte tar del i denne. Vi har som menneske alle del i menneskenaturen, det er sant, men den eksisterar i, og berre i, dei einskilde menneska.

Det er også interessant å sjå på skapingssoga i 1. Mosebok. Der står det at Gud sa (om dyra): “Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.” (1Mos 1:24) Gud delegerte altså til naturen evnen til å reprodusere seg. Og husk at uttrykket “levande skapningar” ikkje berre viser til det kroppslege, men også til det sjelelege, som eg påpeika her. Om mennesket står det at Gud “skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.” (1Mos 2:7)

Slik eg forstår teksten, så skaper Gud mennesket (i alle fall sjela) direkte, men det er ikkje slik at Han lar den einskilde personen ta del i ein natur som finst i ei idéverd. Gud gjev personen del i menneskenaturen åleine ut frå seg sjølv. Difor kan vi kanskje seie at eg held meg til ei aristotelisk forståing av dette. Men med eit snev av platonisme der menneskenaturen ikkje har ei eigen eksistens i ei idéverd, men der den likevel finst potensielt som ein idé i Gud. Men dette er eigentleg det motsette a platonismen. For der blir det påstått at eksistensen i den såkalla “idéverda” er det eigentlege, medan eg meiner at vår kroppslege eksistens her — og vidare i himmelen — er den eigentlege eksistensen.

Noter & referansar:

[1] Les meir inngåande om dette i svensk wikipedia og Stanford Encyclopedia of Philosophy.

[2] Tranøy, Knut Erik, Thomas av Aquino som moralfilosof (Oslo: Universitetsforlaget, 1957), s. 54-55.

Prenter: Dette er ei referanse til Regin Prenter si bok Thomismen (København: Gads forlag, 1953)

[3] Thomas Aquinas; ST 1a, 2.3, corp.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s