Helgemessesundag

Helgemessedag var på torsdag, men eg vel å skrive om det no i dag, fordi DNK har flytta det til næraste sundag. Eg vil difor sjå både på tekstane til DKK og DNK. Det er ikkje stor forskjell. Tekstane til DKK er Op 7:2-4.9-14, 1Joh 3:1-3 og Matt 5:1-12a. Tekstane til DNK er Jes 49:8-10, Op 7:9-17 og Matt 5:1-12. Eg vil ta utgangspunkt i Matt 5:8 og 1Joh 3:1-3. Der står det:

“Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.” (Matt 5:8, 1978/85)

“Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. De kjære, no er vi Guds born; og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er. Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein.” (1Joh 3:1-3, 1978/85)

Det står der at dei som er “reine i hjarta” skal få sjå Gud, og vidare at i himmelen skal vi bli lik Gud, “for vi skal sjå han som han er.” Slik eg ser det, handlar dette om kjærleik og innsikt, begge delar noko vi får del i av Guds nåde. Men kva er det viktigaste, kva er det vi må fokusere mest på, kva er det eine nødvendige? Eg meiner vi kan finne ut om dette ved å lese om då Kristus og læresveinane Hans besøkte Marta og Maria.

Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: “Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.” Då svara Herren: “Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.” (Luk 10:38-42, NT05)

Kristus sa at “det er eitt som er nødvendig.” Og dette er å gjere som Maria, å setje seg ved Herrens føter og lyda på orda hans. Som sagt så handlar dette om kunskap, men det handlar også om kjærleik — om hjarteforholdet vårt til Gud. Då Thomas Aquinas fekk spørsmålet om kva som var størst av kunnskap eller kjærleik, gav han eit nyansert svar. Når det gjeld verda, så er kunnskap best, fordi vi hever ting opp på vårt nivå når vi får kunnskap om det. Men når det gjeld Gud, så er kjærleik best, for all vår kunnskap om Gud vil senka Han ned på vårt nivå, medan kjærleiken vil heve oss opp, slik at vi kan “sjå han som han er.”[1]

Det vi då kan konkludere med, er at dei heilage, samfunne av dei heilage, er kjennateikna av ein vesentlrg ting, ein djup og sann kjærleik. Eller som Paulus seier det:

“Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.” (Ef 4:14-16)

Noter & referansar:

1. Dette er henta frå Peter Kreeft, “The Head and the Heart” (mp3-fil.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s