“Come now, let us reason together”

I Jesaja 1:18 står det (i Bibelselskapet si omsetjing av 1978/85):

Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull.

Men i den engelskspråklege bibelutgåva English Standard Version (ESV) står det:

Come now, let us reason together, says the LORD: though your sins are like scarlet, they shall be as white as snow; though they are red like crimson, they shall become like wool. (mi utheving)

Det interessante her, er at ESV (og dei fleste andre engelskspråklege bibelutgåvene) får fram noko som ikkje kjem fram i den norske omsetjinga — at det handlar om fornuft og tenking. Eg har skrive om dette før, men synst at dette tema er såpass viktig at ein [eller fleire] post[ar] til er på sin plass.

Aquinas “adopterte” mykje frå Aristoteles, både rette og gale ting. Ein av dei tinga han “adopterte” var distinksjonen mellom det praktiske og det spekulative/teoretiske intellekt. Knut Erik Tranøy skriv kort om dette:

Thomas skiller mellom den praktiske og den spekulative (eller teoretiske) fornuft, en sondrering som han har overtatt fra Aristoteles. Det er den praktiske fornuft (intellectus practicus, ratio practica) som er virksom i moralen og i handlingslivet, in operativis, som Thomas ofte sier.[1]

Der det spekulative intellektet tar for seg tankar, proposisjonar, etc., tar det praktiske intellektet for seg den menneskelege praksis. Den er altså, slik Tranøy påpeiker, “virksom i moralen og i handlingslivet.” Poenget er at moral ikkje er subjektivt, men objektivt og fornuftig. “Kom, lat oss snakke fornuft saman!”

Noter & referansar

[1] Tranøy, Knut Erik, Thomas av Aquino som moralfilosof (Oslo: Universitetsforlaget, 1957), s. 33

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s