Tru vs. gjerningar?

Ein av dei tinga som protestantar kritiserer i katolsk teologi, er forholdet mellom tru og gjerningar. Men det verkar som at dei totalt misforstår det dei kritiserer — og eg opplever ofte at katolikkar får beskjed om at dei ikkje veit kva dei sjølv trur på, av folk som har lært om Den katolske kyrkja frå Jack Chick.

Spørsmålet er difor, kva lærer Den katolske kyrkja om forholdet mellom tru og gjerningar, og kva forskjellar er det mellom dei og dei diverse protestantiske retningane.

Den katolske kyrkja si lære om dette forholdet er best formulert i Jakob 2:22-26:

Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda. På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla “Guds ven”. Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg? For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.[1]

Men mange protestantar er også einige i dette. Problemet er at debatten stort sett består i at folk kaster bibelvers på kvarandre, istaden for å diskutere dei grunnprinsippa som ligg bak teologien. Det vil eg prøve på her.

Kristendommens kjerne ligg i desse orda frå Kristi munn;

Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit‘ Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.‘ På desse to boda kviler heile lova og profetane. (Matt 22:37-40)

Spørsmålet blir difor, korleis skal vi sjå på Gud? Og her kjem forskjellen inn. Ein katolikk eg diskuterte med, sa at den store forskjellen mellom katolikkar og lutheranarar (her er ikkje alle protestantar einige med lutheranarane) er at medan lutheranarar ser på Gud som “åleineverkande,” så ser katolikkar på Gud som “allvirkande.”

Når katolikkar les bibelstader som Op 20:12 eller Matt 25:31-46, der det står at folk blir dømde etter gjerningane sine, så les dei dette ut frå sitt gudssyn.

Den katolske kyrkja har fordømd pelagianismen og semipelagianismen. Og eg trur det er dette Paulus fordømmer når han skriv at “av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.” (Ef 2:8f) Men i neste vers skriv han at vi “er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.”

Paulus fordømmer det som vi seinare har valt å kalla pelagianisme eller semipelagianisme. Men han fordømmer ikkje læra at gjerningane har ein plass i frelsa — noko som ville bety at han stod imot Jakob (Jak 2:14-26), Johannes (Op 20:12) og Jesus sjølv (Matt 25:31-46.) Han fordømer dei som meiner at gjerningane kjem av oss sjølv, og ikkje ut frå Guds nåde. Og dette medfører at vi må definere uttrykket “nåde.”

Dei fleste protestantar definerer nåden reint juridisk eller forensisk. Men katolikkar og ortodokse ser på nåden som ei verksam kraft som hjelper oss til å gjere gode gjerningar. I Fil 2:12 skriv Paulus: “[A]rbeid på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt.” Men i neste vers legg han til: “For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” Og det er nettopp dette som er kjerna i det Den katolske kyrkja lærer, at vi blir dømde etter gjerningane våre, men at dei ikkje er noko som har sin grunn i oss, men i Gud. Det er altså snakk om at vi, gjennom Guds kraft, “er Guds medarbeidarar” (1Kor 3:9.)

Noter & referansar:

[1] Om anna ikkje blir nemnt, så er alle bibelreferansar henta frå Bibelselskapet sine utgåver av 1978/85 (GT), 1988 (dei deuterokanoniske bøkene) og 2005 (NT.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s