Skapt i Guds bilete — som politisk og fornuftig dyr

Her fylgjer nokre korte tankar omkring det at mennesket er skapt i Guds bilete, som politisk og fornuftig dyr.

I fylgje Aristoteles er mennesket eit fornuftig og politisk dyr (gr. zoon logon ekon, zoon politikon.) Han meinte at mennesket er skapt til å vere fornuftig, og skapt til å leve i fellesskap med andre. Han gjekk faktisk så langt som å seie at fridom ikkje er mogeleg utan eit samfunn, ein stat. I læreboka for filosofi i den vidaregåande skulen står det at

…både Platon og Aristoteles hadde eit praktisk formål med filosofien sin. Motivasjonen var å finne eit sikkert utgangspunkt for etikk og politikk, ein basis for gjennomføringa av den rettferdige staten. Men den rettferdige staten er ikkje eit mål i seg sjølv, han er eit nødvendig vilkår for det gode livet for mennesket og høvet til å utvikle seg. Aristoteles går til og med så langt som å hevde at eit menneske som lever utanfor eit eit samfunn, ikkje eigentleg er eit menneske. Ordet idiot er opphavleg gresk og blir brukt om den som ikkje er aktivt med i arbeidet med offentlege saker. (…)[1]

Men korleis skal vi som kristne sjå på dette? Slik eg ser det, så bygger det overnaturlege på et naturlege. Eller som Thomas Aquinas sa det: “Nåden øydelegg ikkje naturen, men fulkommengjer den.”[2] Difor trur eg at desse to tinga — mennesket som politisk og fornuftig dyr — blir fullkommengjort på det overnaturlege planet. Som utgangspunkt vil eg ta for meg 1Mos 1:26-31:

Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Fornuftig dyr. Eg har allereie skrive litt om dette i denne posten, men eg vil gjerne skrive litt meir. Eg vil ta utgangspunkt i Summa Theologiæ (ST) av Thomas Aquinas. Thomas tar for seg spørsmålet om Guds fornuft og vilje (og dermed også hans kjærleik) i ST 1a, 14-21. Thomas tar der opp mellom anna Guds kunnskap og erkjenning, Guds vilje, Guds kjærleik, etc.Knut Erik Tranøy skriv litt om dette:

Man kan [ifølge Thomas] skille mellom «metafysiske» og «kristne» egenskaper hos Gud. «Metafysiske» kaller jeg slike egenskaper som uendelighet, immaterialitet, ren akt, osv.; «kristne» egenskaper som levende, god kjærlig, allmektig, osv.

Det er først verd å merke seg at Thomas utleder Guds kristne egenskaper fra hans metafysiske egenskaper. At Gud er et intellekt eller har kunnskap, utledes i I. 14, art 1 … fra Guds uendelighet og immaterialitet. Dernest utleder han Guds vilje fra Guds intellekt og så Guds kjærlighet fra hans vilje. Dette er da ett av de punkter hvor den aquinatiske intellektualisme får et karakteristisk og tydelig uttrykk. Betydningen av denne rekkefølgen for en kristen moralfilosof er lett å se: mennesket er skapt i Guds bilde. Det betyr blant annet at menneskets sjelsliv på disse punkter også har samme struktur.[3]

Mennesket er altså skapt i Guds bilete som eit fornuftig vesen. Og sidan nåden fullkommengjer naturen, så vil vår fornuft bli fullkommengjort i Gud. “Og dette er det evige livet,” seier Kristus, “at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.” (Joh 17:3)

Politisk dyr. Dette kan vi ikkje komme fram til utelukkande gjennom fornuft, men gjennom openberring. Sidan Gud er treeinig, så er vi skapt til å leve i samfunn, ikkje berre med Han, men med alle menneske. Knut Grønvik tar opp dette i Vårt Land:

Vi er skapt i Guds bilde til liv og fellesskap. Han som har skapt oss, er fellesskapets urbilde: Faderen, Sønnen og Ånden. Dette bildet av samhørighet er det Kristus er kommet for å kalle fram i oss.

Vårt sanne mål, som fornuftig og politisk dyr. Det sanne målet finn vi i det som ein i katolsk teologi kaller for “det sæle synet,” det at vi skal sjå Gud. I katekisma står det:

1028. Fordi Gud er transcendent, kan Han først bli sett slik Han er når Han selv åpner sitt mysterium slik at det kan skues umiddelbart av mennesket, og når Han gir mennesket evne til det. Slik å skue Gud i Hans himmelske herlighet kaller Kirken “det salige syn”:

Hvilken herlighet og lykke skal ikke falle i din lodd: å få se Gud, få den ære å ta del i frelsens og det evige lysets gleder i samvær med Kristus, Herren, din Gud, (…) å nyte gledene ved å ha oppnådd udødelighet, sammen med de rettferdige og Guds venner i himlenes rike.

Dette består i to ting, ei evig kontemplasjon av sanninga og eit fullkomment fellesskap, i vår skuen av Gud. Dette kan vi lese om i NT, der det står at vi, i himmelen, “skal vi sjå andlet til andlet” og “då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.” (1Kor 13:12) Og vidare, i 1Joh 3:2: “Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.” (mine uthevingar) Dette sæle synet er på ein å same tid eit fullkomment fellesskap med Gud, og med dei heilage, og ein fullkommen kontemplasjon av sanninga. I Gud møter vi altså vårt sanne mål, vårt telos, som fornuftige og politiske dyr.

Noter & referansar:

[1] Birkeland, Bomann-Larsen & Jor, Filosofi: Eit første møte (Oslo: Gyldendal, 2000) s. 170  [ISBN: 8205262535]

[2] Summa Theologiæ, ST 1a, 1.8, ad2. Dette er omsett frå engelsk, og den engelske teksten er slik: “Grace does not destroy nature but perfects it.” (Kjelde)

[3] Thomas Aquinas, Om loven, Guds attributter, tro og viten og kjønnslivet i paradiset. Oversettelse, innledning og kommentar ved Knut Erik Tranøy (Oslo: Pax, 1967), s. 152.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s