Homofilisaka, Bibelen og Non-kontradiksjonsprinsippet

Dagen melder at Generalsekretær Olav Fykse Tveit i Mellomkyrkjeleg Råd kjenner seg krenka fordi Normisjon har sendt ut eit brev etter at Kyrkjemøtet opna for to syn på homofilt samliv i Den norske kyrkja. Det står:

I brevet heiter det mellom anna at «der de lokale forhold vanskeliggjøres av at de som forkynner eller på andre måter har lederansvar i menighetsarbeidet, ikke viser tillit til Guds ord, har vi full frihet til å etablere oss med vår egen forkynnelse og sakramentsforvaltning».

– Eg har stor respekt for Normisjon sitt standpunkt i homofilisaka. Det eg reagerer på, er karakteristikkane av dei som har eit anna syn enn dei sjølve. Heile mitt liv og mi teneste står og fell med at eg har tillit til Guds ord. Samstundes er eg altså komen til at det bibelske materialet ikkje gjer det nødvendig å ta avstand frå forpliktande samliv mellom to av same kjønn. Å seie at eg ikkje har tillit til Guds ord, er ein svært alvorleg påstand å setje fram mot andre truande, sa Fykse Tveit til Vårt Land i førre veke.

Eg lurer på om Olav Fykse Tveit har høyrt om non-kontradiksjonsprinsippet (evt. kontradiksjonsprinsippet.) Han kan godt vere ueinig med Bibelen, men korleis får han “det bibelske materialet ikkje gjer det nødvendig å ta avstand frå forpliktande samliv mellom to av same kjønn”? Er ikkje dette eit brot på det nemnte prinsipp?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s